Sunnfjord kommune Bygg- og eigedomsforvaltning

Bygg- og eigedomsforvaltning søker etter

Vaktmeister

 

Vi har ledig 100 % fast stilling som vaktmeister ved Bygg- og eigedomsforvaltning (BEF). BEF har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av alle bygningane som Sunnfjord kommune eig. Dette er administrasjonslokalar, skular, barnehagar, institusjonar, kulturbygg, idrettsanlegg og kommunale bustader. BEF administrerer og utfører dagleg tilsyn, drift og vedlikehald av bygningane og dei tekniske installasjonane. Eininga har 30 tilsette der 23 er vaktmeistrar.

Ansvarsområdet vil primært vere Vassenden omegn.

Vi søker deg som:

  • har gode samarbeidsevner og likar å arbeide saman med andre
  • likar fysisk arbeid og taklar ein hektisk arbeidskvardag
  • har god serviceinnstilling
  • er ansvarsfull, påliteleg og omgjengeleg
  • har grunnleggande datakunnskapar
  • kommuniserer godt på norsk
  • har førarkort klasse B

Det er ein fordel om du har:

  • relevant fagbrev (for eksempel byggdrift, tømrer, elektriker, rørlegger)
  • erfaring innan vaktmeisteroppgåver
  • liftkurs
  • stillaskurs
  • førarkort klasse BE

Vi tilbyr:

  • gode lønns- og arbeidsvilkår
  • godt sosialt miljø og arbeidsmiljø
  • lønn etter kvalifikasjonar, god pensjonsordning i KLP

Du må søke elektronisk.

Velkommen som søkar!

 

Referansenr: 21/1700

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 06.03.2021

 

Tiltreding: 01.06.2021

Arbeidsstad: Vassenden

 

Kontaktpersonar:

Ellen Bijsterbosch

mob: +47 992 02 659

 

Heimeside:
https://www.sunnfjord.kommune.no

 

Sunnfjord kommune Bygg- og eigedomsforvaltning

FDV er ei intern serviceeining som har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av bygningar med tekniske installasjonar som Førde kommune eig.

Dette er skular, barnehagar, institusjonar, kulturhus og omsorgsbustadar. FDV har og ansvar for tilsyn og vedlikehald av leikeplassar, idretts- og ballbaner. Eininga har 64 tilsette der 14 er vaktmeistrar.

 

 

Del stillingen

Selskap

Sunnfjord kommune

Lenke til firma

Kontaktinfo

Ingen kontakt lagt til

Lokasjon

  • Førde

Søknadsfrist

Mars 6, 2021