Vikariat Rådgjevar vaksenagronom og korte kurs

 

MOY – Avd. Naturbruk NA, Vestland fylkeskommune

Mo og Øyrane vidaregåande skule og Hafstad vidaregåande skule ligg i Førde i Sunnfjord. Dei to skulane er i ein samanslåingsprosess til det som blir den nye Førde vidaregåande skule med nybygg på Øyrane. Skulane er i dag geografisk tredelt, Mo som ligg 11 km frå Førde sentrum, og Øyrane og Hafstad som er plassert i Førde sentrum. Til saman har skulane om lag 220 tilsette og 1000 elevar. Skulane tilbyr desse utdanningsprogramma: Bygg- og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Sal, service og reiseliv, Helse- og oppvekstfag, Restaurant- og matfag, Teknologi og industrifag, Naturbruk, Studiespesialisering, Kunst, design og arkitektur og Medium og kommunikasjon. I tillegg har skulane pedagogisk ansvar ved sosiale og medisinske institusjonar i Førde, vaksenopplæring og ulike kurs. Skulestad Mo har internat med plass til 80 elevar og vil bestå som skulestad etter at den nye skulen i Førde står ferdig i 2023.
For meir informasjon gå til skulane sine heimesider: http://www.moy.vgs.no/ http://www.hafstad.vgs.no/

Det er ledig 100% vikariat som rådgjevar for vaksenagronom og korte kurs ved Mo kurssenter frå 01.02.23-31.12.23.

Søknadsfrist: 14.11.2022
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Førde
Stillingstittel: Vikariat, Rådgjevar vaksenagronom og korte kurs
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Vikar
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4579933130
Startdato: 01.02.2023
Sluttdato: 29.12.2023

Arbeidsoppgåver

– Organisere, marknadsføre, og kvalitetssikre vaksenagronomutdanninga og kursa ved Mo kurssenter

– Søkje om støtte til dei ulike kursa og følgje opp økonomien i prosjekta

– Rådgjeving knytt til kursaktivitet og vaksenopplæring på Mo

– Utvikling av tilboda i samarbeid med næraste leiar og andre samarbeidspartnarar

– Andre administrative oppgåver etter avtale

– Ved behov kan det vere aktuelt med noko undervisning på vaksenagronomutdanninga dersom søkar har aktuell kompetanse.

Kvalifikasjonar

– Relevant kompetanse på bachelornivå eller meir innanfor område som administrasjon, marknadsføring, økonomi

– God IKT- kompetanse

– Eigenarten til stillinga krev stor grad av sjølvstende, fleksibilitet og mobilitet

– Det er ein fordel med landbruksfaglig kompetanse

– Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

– Gode samarbeidsevner, fleksibilitet og serviceinnstilling blir særleg vektlagt

Vi tilbyr

– Løn etter gjeldande regulativ
– Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår
– Gode pensjons- og forsikringsvilkår
– Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
– Alle nytilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
– Den som blir tilsett må legge fram godkjent politiattest av nyare dato, jfr Opplæringslova §10-9.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort

Nærare opplysningar

Kontaktpersonar:

Ingjerd Høgseth Vetti, avd.leiar naturbruk og skulegard: [email protected], tlf 57637170.
Liv Horvei, rektor: [email protected] tlf 57637301

Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk via link på www.vlfk.no under Ledige stillingar. Vitnemål og attestar skal leggast fram ved eventuelt intervju. Det blir teke atterhald om at overtalige ved andre skular kan ha rett til utlyst stilling.

 

Søk på stillingen her.

 

Movegen 32, 6819 Førde, Norge

Kontaktinformasjon

Ingjerd Høgseth Vetti, avdelingsleiar
415 12 248

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

 

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Ingjerd Høgseth Vetti
  • Tittel: Avdelingsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 415 12 248

Lokasjon

  • Førde

Søknadsfrist

November 14, 2022