FAS – FAGSKULEN I SOGN OG FJORDANE, Vestland fylkeskommune

Undervisningsstillingar på teknisk fagskule

 

Vi har behov for undervisningspersonell innan Elkraft/Installasjon, Realfag, Bygg og anleggsfag.

  • 100% fast stilling på elkraftlinja frå 01.08.2021
  • 100% vikariat i realfag for tidsrommet 01.08.2021 til 17.12.2022
  • Delstillingar, eventuelt fast stilling, innan bygg og anleggsfag frå 01.08.2021

Elkraft: Undervisning i hovedsak på elkraftlinja, men kan og være noko på automatiseringslinja

Realfag: Undervisning i matematikk og fysikk

Bygg og anlegg: Undervisning innan bygningsfysikk, BIM, FDV med meir.

Ein del av undervisninga ved Fagskulen går digitalt, vi gir opplæring i dette.

Det er for alle stillingane ønskelig med ingeniør/bachelor/master bakgrunn innan dei aktuelle fagområda, men relevant praksis kan vege opp for manglande formell kompetanse. Søkjarane må ha god IT-kompetanse, og evne til å setje seg inn i ulike fagprogram og applikasjonar. Det er ønskelig at søkjar har undervisningskompetanse, eller er villig til å ta pedagogisk utdanning. Det vert lagt til rette for at ein kan ta praktisk pedagogisk utdanning (PPU) medan ein er i arbeid.
Vi ønskjer at du er sjølvstendig, engasjert og initiativrik. At du er samarbeidsvillig og fleksibel, og at du kan uttrykke deg godt skriftleg og munnleg. Vi legg stor vekt på at studentane våre skal trivast. Vi har ein open skule der studentane har tilgang på kveldstid. Det har stor betydning at lærarane er tilgjengelige og samarbeider med studentane

For stillinga gjeld

  • Løn etter avtale
  • Vanlege fylkeskommunale tilsetjingsvilkår
  • Prøvetid på seks månader
  • Politiattest

 

Søknadsfrist: 20.06.2021

 

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Undervisningsstillingar på teknisk fagskule
Stillingar: 3
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4402201139

Kontaktinformasjon

Eilert Årseth, avdelingsleiar
470 59 233

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

 

Aktuelt — Fagskulen Sogn og Fjordane

 

 

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Eilert Årseth
  • Tittel: Avdelingsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 470 59 233

Lokasjon

  • Førde

Søknadsfrist

Juni 20, 2021