Undervisningsstilling (vikariat) i norsk, tysk og samfunnsfag

 

Os gymnas, Vestland fylkeskommune

Os gymnas ligg fint til i grøne omgjevnader nær Osøyro. Skulen har for tida om lag 180 elevar på
studiespesialiserande utdanningsprogram. Skulen er i stadig utvikling og arbeider kontinuerleg for å
utvikla eit aktivt og inkluderande læringsmiljø prega av engasjement, motivasjon og trivsel. Våre
fokusområde er berekraftig utvikling, demokrati og medborgarskap.

Søknadsfrist: 20.11.2022
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Os
Stillingstittel: Vikariat i norsk, tysk og samfunnsfag
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Vikar
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4583130667
Startdato: 14.11.2022
Sluttdato: 31.12.2022

Arbeidsoppgåver

Undervisning og andre oppgåver knytta til samarbeid, førebuing og etterarbeid.

Vi har no eit ledig vikariat. Oppstart snarast mogleg. Vikariatet kan bli forlenga. Kan bli aktuelt med kontaktlæraransvar og eventuelt andre oppgåver. Ta kontakt med oss for meir informasjon.

Kvalifikasjonar

  • Krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse. Minimum 60 studiepoeng innan fagområdet.

Aktuelle fag: Norsk, samfunnsfag og tysk.

  • Det er ønskjeleg med undervisningserfaring. God digital kompetanse.

Personlege eigenskapar

  • Interesse for å arbeide med ungdom. Godt humør og ei positiv innstilling.
  • Gode evner til samarbeid og formidling. Du arbeider strukturert og systematisk.

Andre opplysningar:

  • Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest

Vi tilbyr

  • Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø med høgt tempo.

 

Søk på stillinga her.

Gymnasvegen 85
5200 Os
Norge

Kontaktinformasjon

Kjersti Daland, rektor
932 31 859

Hilde Paaske-Knauer, avdelingsleiar
459 16 840

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

 

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Kjersti Daland
  • Tittel: Rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 932 31 859
  • Hilde Paaske-Knauer
  • Tittel: Avdelingsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 459 16 840

Lokasjon

  • Os

Søknadsfrist

November 20, 2022