Ullensvang kommune Økonomi

100% stilling som innkjøpsrådgjevar

 

 

 

Ønsker du å jobbe med anskaffelser i kommunen? Me ser etter innkjøpsrådgivar.

Ullensvang kommune ser etter ein ny innkjøpsrådgivar som kan vere med å styrke anskaffelsesfaget.

 

Innkjøpsrådgivar, gjerne med miljøkompetanse

Her kan du arbeide innan alle faser i en anbudsprosess, rådgjeving, kontraktsoppfølging og digitalisering, og samtidig utvikle eiga karriere med moderne, skybasert system og dyktige kollegaer. Me ser etter deg som har eit positivt engasjement, som tør å tenkje nytt og som er tydeleg.

Me ser etter deg som både ser detaljane, men også det store biletet. I tillegg er det viktig for oss at du trivst med varierande arbeidsoppgåver.

Stillingane rapporterer til kommunalsjef for økonomi, og vil vere ei sentral støtte og diskusjonspartnar med andre leiarar i kommunen.

 

Avdelinga har desse oppgåvene:

  • Anskaffelser
  • Kontraktsoppfølging
  • Lovverk
  • Opplæring
  • Rapportering
  • Analyse og rådgjeving
  • Innkjøp og e-Handel
  • Innovasjon og utvikling
  • Utvikle maler og rutiner
  • Utarbeide beslutningsgrunnlag

 

Kvalifikasjonar:

Avdelinga søkjer etter den med relevant bakgrunn og erfaring. Du får høve til å bruke kompetansen din og drive fram endringar. Vi vil legge til rette for nyutdanna. Stillinga gjev stort rom for personleg og fagleg utvikling. Læring og deling står sentralt som verdiar for avdelinga, på linje med kompetanseheving og utvikling.

Det er ynskjeleg med høgare utdanning innan økonomi, finans, tekniske fag eller juridiske fag. Det er ynskjeleg med miljøkompetanse for en av stillingene.

 

Eigenskaper:

Du har god fagleg forståelse, likar strategisk tenking og har god gjennomføringskraft. Du bør ha evne til å prioritere, kunne levere kvalitet og er effektiv under press. Vi verdset samarbeid og finn glede og engasjement i det å lukkast saman. Vidare ynskjer vi at alle våre ansatte er utviklingsorientert og proaktivt ynskjer å bidra til å identifisera sjanser og forbetringspotensial.

Som person er du analytisk og løysingsorientert, med auge for både kvalitet og utvikling. Du må vere sjølvstendig, ansvarsfull, systematisk og nøyaktig.

 

Me tilbyr:

Varierte arbeidsoppgåver med spanande utfordringar og eit godt arbeidsmiljø prega av engasjement, dyktige og morosame kollegaer med kloke hovud, varmt hjarta og ei genuin interesse for den jobben me gjer. Ein arbeidsplass som er i kontinuerleg utvikling, med ambisiøse mål og viktige samfunnsoppdrag.

Vi er behjelpeleg med å skaffe arbeid for 2, og vil tilrettelegge for bustad, sfo og barnehage. Stillingsstørrelse kan diskuteres.

 

Søk her

 

 

  • Fylke: Vestland
  • Jobbtype: Fast
  • Heiltid/Deltid: Heiltid
  • Arbeidstid: Dag
  • Søknadsfrist: 24.09.2023
  • Arbeidsstad: Odda

 

Kontaktpersonar:

Inger Lise Høvik
mob: +47 916 42 872

 

Heimeside:

ullensvang.kommune.no

 

Adresse:

Opheimsgata 31 5750 Odda

 

 

Ullensvang kommune Økonomi

– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?

 

Lenkjetekst

Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa

 

Lenkje

https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49 

Del stillingen

Selskap

Ullensvang kommune

Kontaktinfo

  • Inger Lise Høvik
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 916 42 872

Lokasjon

  • Odda

Søknadsfrist

September 24, 2023