Robotteknologi på veg inn i skulen - Vestland fylkeskommune

 

Undervisningsstilling Teknologifag, Industrifag, Robotikk, Elektrofag

 

OST – OSTERØY VGS, Vestland fylkeskommune

Osterøy vidaregåande skule held til i flotte lokale i Lonevåg og har om lag 200 elevar. Studietilbodet ved skulen er Elektro og datateknologi, Helse- og oppvekstfag, Teknologi- og industrifag, Studiespesialisering og spesialundervisning med opplæring i lita gruppe.

Skulen fasiliterer prosjektet «Kompetansesenteret for robotteknologi». Dette gjer at skulen no byggjer eit kompetansemiljø kring robotteknologi for både elevar, tilsette, næringsliv og kommune. Målet er å tilby ei framtidsretta og relevant utdanning for elevar, samt arrangere etter- og vidareutdanningskurs for tilsette i verksemder og kurs/opplæring til dei som står utanfor arbeidslivet.

På grunn av auka klassetal innan Teknologi- og industrifag, vidareutdanningskurs gjennom Kompetansesenteret for robotteknologi, styrka tilbod innan teknologi og forskingslære knytt til Studiespesialisering, samt auka merksemd på velferds- og omsorgsteknologi innan Helse og oppvekstfag, søkjer vi:

Snarast og innan 1. august 2023 inntil 5 faste undervisningsstillingar.

Stillingane kan kombinere undervisning og kursutvikling.

Vi søkjer deg som vil tilføre ny kompetanse inn i eksisterande fagmiljø og aktivt vere med å utvikle relevant opplæring, der teknologi er bindeleddet mellom dei ulike programfagområda ved skulen.

Søknadsfrist: 31.01.2023
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Undervisningsstilling Teknologifag, Industrifag, Robotikk, Elektrofag
Stillingar: 5
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4601135407

Arbeidsoppgåver

  • Leie opplæringsprosessar og følgje opp elevane
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Undervisning på Vg1 og Vg2
  • Kontaktlærarfunksjon kan bli tillagt stillinga
  • Tett samarbeid med næringslivet for å skape gode opplæringsarenaer for elevane og trygg overgang til arbeidslivet
  • Utvikling og gjennomføring av kursverksemd

Kvalifikasjonar

  • Ønskjeleg fagbakgrunn er; relevant fagbrev, fagskule, høgskule og liknande
  • Yrkesfaglærarutdanning/ pedagogisk kompetanse
  • Dersom du manglar pedagogisk utdanning, tilbyr vi gode finansierte ordningar for etterutdanning i kombinasjon med jobb.

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til samarbeid og lagtenking – både internt og eksternt
  • Liker å utforske metodar som skaper elevaktiv læring
  • Evne til å skape gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer
  • Pedagogisk og fagleg nysgjerrig
  • Opptatt av å skape trygge og gode læringsmiljø og opptre som ein tydleg leiar i klasserommet og på verkstaden
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit godt, innovativt, fagleg og sosialt arbeidsmiljø, gode arbeidstilhøve og variert tverrfagleg samarbeid
  • Gode ordningar for etter- og vidareutdanning
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk

Anna informasjon:

  • Meir om skulen finn du på nettsida, https://www.osteroy.vgs.no/.
  • Kompetansesenteret for robotteknologi i media: https://www.nrk.no/vestland/1.16232357
  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25 2.ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste.
  • Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort
  • Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk

 

Søk på stillingen her.

 

Kontaktinformasjon

Line Brudvik Myhr, avdelingsleiar
402 14 842
line.brudvik.myhr@vlfk.no

Kari Espelund Bruvik, rektor
950 36 537
kari.espelund.bruvik@vlfk.no

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

 

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Line Brudvik Myhr
  • Tittel: Avdelingsleiar
  • E-Post: line.brudvik.myhr@vlfk.no
  • Mobil/Tlf: 402 14 842
  • Kari Espelund Bruvik
  • Tittel: Rektor
  • E-Post: kari.espelund.bruvik@vlfk.no
  • Mobil/Tlf: 950 36 537

Lokasjon

  • Lonevåg

Søknadsfrist

Januar 31, 2023