Systemarkitekt (søknadsfrist 31.01.2022)

Vi søkjer ein innovativ og uredd systemarkitekt som ønskjer å vera med å påverke digitaliseringa av staten.

 

Systemarkitekt

 

Vil du vera med å utvikla framtidas digitale og administrative tenester?
Statsforvaltarens fellestenester (STAF) leverer digitale og administrative tenester til alle statsforvaltarane. I samarbeid med statsforvaltarane utviklar og driftar vi også digitale tenester til innbyggjarane. Digitalisering er eit satsingsområde, og vi ser etter systemarkitekt.

Som systemarkitekt vil du ha ansvar for forvaltinga av teknisk arkitektur for heile STAF sin utviklingsportefølje. Du er rådgjevar og rettleiar for utviklingsteam og prosjektleiarar. Kvar dag arbeider du med å definera systemarkitekturen i eit framoverlent og innovativt utviklingsmiljø.

Du vil bli ein del av eit fagmiljø som har ansvar for utvikling og forvalting av ein utviklingsportefølje i vekst. Vår portefølje tel over 30 nettbaserte tenester. Du vil i tillegg til fagmiljøet ha produktansvarleg, informasjonssikkerheitsansvarleg og porteføljestyrar som dine nærmaste medspelarar.

Om du i tillegg til å jobbe med arkitektur likar å kode eller praktisere code review, kan dette vere din store sjanse! Stillinga er 100 prosent, fast og arbeidsstad er Leikanger (Sogndal).

I tillegg til spanande faglege utfordringar, kan vi tilby kombinasjonen av fleksibel arbeidstid og gode moglegheiter for friluftseventyr i kvardagen. Sogndal har by-kvalitetar som kafé- og kulturliv smelta saman med et yrande friluftsliv. Vi har gode snøforhold, fantastiske tur- og sykkelstiar, spanande fritidstilbod og eit aktivt studentmiljø. Heile Sogn er ein attraktiv og barnevenleg stad å bu.

Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til enno betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Vi meiner at inkludering og mangfold er ein styrke, og oppfordrar difor søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom de har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling

Arbeidsoppgåver

Utarbeida referansearkitektur og løysingsforslag (proof of concepts)
Delta i relevant strategiarbeid
Vere rådgjevar og rettleiar i val av teknologi
Sikre at utviklingsarbeidet følgjer gjeldande strategi og føringar
Design av løysingsalternativ i samarbeid med prosjekt- og utviklingsteam
Systemutvikling i smidige utviklingsteam

Kvalifikasjonskrav

Du har relevant høgare utdanning frå høgskule/universitet minimum tre år med relevant etterutdanning/fagleg oppdatering.
Erfaring som systemarkitekt, eller du er ein erfaren utviklar som ønskjer å vidareutvikla deg i retning systemarkitektur.
Erfaring frå programmering innen ASP.Net (Core), modellering, REST-Api og JavaScript rammeverk.
Erfaring fra IKT-prosjekt basert på smidige metodar, til dømes SCRUM.
Personlege eigenskapar som vert vektlagt
Gode samarbeidsevner og medverkar til å nå felles mål
Nysgjerrigheit og iver rundt ny teknologi og metodikk
Evne til å setja deg inn i komplekse behov og system
Du blir motivert av å jobbe med endring og utvikling
Du er strukturert og har god arbeidskapasitet
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Du er løysingsorientert og uredd

Ønskte kvalifikasjonar

Erfaring med systemarkitektur
Erfaring med informasjonstryggleik
God kjennskap til applikasjonsarkitektur
Kompetanse på databaseteknologi

Vi tilbyr

fagleg og personleg utvikling
godt arbeidsmiljø
fleksibel arbeidstid og sommartid
gode pensjons- og boliglånsordningar
trening i arbeidstida

Fast stilling som 1364 seniorrådgjevar. Stillinga er normalt løna mellom 604 700 (ltr. 66) og 752 800 kroner (ltr. 77), avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Frå løna vert det trekt 2 prosent innskot til Statens pensjonskasse. Det er 6 månaders prøvetid.

Generelle opplysningar

Namn på søkjarane blir offentleggjort i ei offentleg søkjarliste. Fram til søknadsfristen kan du ta kontakt med oss utan at namnet ditt blir registrert. Søkjaren vert varsla dersom reservasjonen ikkje vert imøtekomen, jf. offentleglova § 25.

For nærmare opplysningar om stillinga, ta gjerne kontakt med seksjonssjef Bjørn Tore Årøy på tlf. 41 10 85 50.

Om oss

STAF er ei nyetablert verksemd underlagt Kommunal- og administrasjonsdepartementet. STAF leverer og utviklar administrative tenester til alle statsforvaltarane innanfor IKT, dokumentforvalting, innkjøp og informasjonstryggleik.

Hovudkontoret vårt ligg i Arendal, medan medarbeidarane våre elles har kontor saman med statsforvaltarne, som til saman har 17 kontorstader. STAF har om lag 220 årsverk.

 

Søknadsfrist 31. januar 2022

 

Arbeidsgiver Statsforvalterens fellestjenester
Kommune Sogndal
Omfang Heltid
Varighet Fast

Arbeidssted Statens hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger

 

Del stillingen

Selskap

Statsforvalterens fellestjenester

Kontaktinfo

  • Bjørn Tore Årøy
  • Tittel: Seksjonssjef
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf. 41 10 85 50

Lokasjon

  • Sogndal

Søknadsfrist

Januar 31, 2022