Vil du trivast i ein liten kommune med oversiktlege forhold? Då er Modalen plassen for deg. Her vil du koma tett på den enkelte innbyggjar og saman med oss kunna nyta det gode livet på landsbygda. Samstundes er ikkje byen langt borte, berre ein time køyring til Bergen. Modalen er ein liten kommune med stor kraft. Dersom dykk er 2 eller fleire som vurderer å flytte til Modalen vil me oppmode om å ta kontakt med vår samarbeidspartnar Uni Micro AS for evt. ledige stillingar. Besøk verksemda på www.unimicro.no

 

 

Sjukepleiar

 

Kort om stillinga

Modalen kommune skal tilsetje 2 nye sjukepleiarar til pleie- og omsorgstenesta. Me ynskjer deg som er nyutdanna eller erfaren. Du vil få ein sentral og allsidig rolle i å utvikle ei teneste i endring.

Om arbeidsstaden

Modalstunet er kommunen sin einaste sjukeheim og har i snitt 6 – 8 bebuarar. Du finn oss i naturfagre område på Øvre Helland, knappe 15 min å køyre frå kommunesenteret på Mo. Kjem du frå Knarvik er køyretida ca. 1 time. I tillegg til bebuarane på Modalstunet leverer me tenester til heimebuande i kommunen.

Dersom du ynskjer å busetje deg i Modalen kan me vere hjelpsamme med å skaffe bustad.

Arbeidsoppgåver og ansvar

Stillingane inngår i turnus. Du vil få ta del i spennande oppgåver innanfor eldreomsorga i ein godt drifta kommune.

Arbeidsoppgåver (ikkje utfyllande):

– Sjukepleiefaglege oppgåver på Modalstunet og tenester til heimebuande.
– Planlegging og evaluering av tenesta.
– Mogleg oppfølgingsansvar for t.d. velferdsteknologi m.m.
– Bidra til å sikre god ressursutnytting, ta del i og fronte endringsarbeid.

Kompetansekrav

– Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
– Sertifikat kl. B. Dette er naudsynt for å kunne levere tenester til heimebuande.
– Norskkunnskapar på min. nivå B1.
– Interesse for, og kompetanse på digitale verktøy.

Våre forventningar til deg

– Du er positiv, fagleg nyfiken og glad i å drøfte faget ditt.
– Du er raus, utviser tolmod og er reflektert i din omgong med brukarar, pårørande og kollegaer.
– Du er oppteken av ditt eige ansvar for å skape eit godt arbeidsmiljø.
– Kvalitet er viktig for deg, og du er oppteken av å vere i framkant når det gjeld fagoppdatering.
– Du er oppteken av struktur og system, og etterspør gjerne dette.
– Du har solid forståing for at folk er ulike, og du bidreg til å få fram det beste i dei du treff på din veg.
– Du har høg gjennomføringsevne og ansvarskjensle i ord og handling – du står støtt når det blæs.

Me kan tilby

– Tilsetjings- og arbeidsvilkår i tråd med tariffavtale.
– Direkte lønsplassering i min. 10 års ansiennitet.
– Turnusteneste.
– Hjelp til å skaffe bustad, evt. moglegheit for å leige kommunal bustad.
– Moglegheit til å overnatte frå kveldsvakt til dagvakt.
– Eit godt fagleg miljø med høg kompetanse.
– Fast rettleiingstid med leiar.
– Pensjonsavtale i KLP.

Du kan søkje på stillinga slik:

Søknaden sender du elektronisk ved å fylje linken på denne sida. Husk å ha klar cv og kopi av vitnemål og attestar som du laster opp saman med søknaden. Dersom du har vanskar med den elektroniske søknaden kan du få hjelp ved å kontakte Kundetorget på tlf 56 59 90 00.

 

Søknadsfrist 05.07.20

 

Utlyst 29.01.20
Vår ref 30
Merk søknad

Fakta

Selskap Modalen kommune(Ny)
Stilling Sykepleier
Stillingstype Fast turnus
Lokasjon Pleie og omsorgstenesta

 

 

Kontakter

Margrethe Laastad Kvamme, Pleie- og omsorgssjef

Del stillingen

Follow by Email
Facebook
Twitter
LinkedIn

Selskap

Modalen kommune

Kontaktinfo

  • Margrethe Laastad Kvamme
  • Tittel:
  • E-Post: margrethe.kvamme@modalen.kommune.no
  • Mobil/Tlf: Mobil +47945 07 383 Arbeid 56 59 90 91

Lokasjon

  • Modalen

Søknadsfrist

Juli 5, 2020