Vil du sikre rein natur og jobbe for bedre friluftsliv ved sjøen ?

Skipper og leiar for skjergardstenesta i gamle Sogn og Fjordane

 

Vi søkjer etter ein koordinerande fagleiar og erfaren båtførar for skjergardstenesta i Sogn og Fjordane med base på Hardbakke i Solund.

Du vil få ansvaret for å leie og koordinere tenesta med ein uniformert båt som skal operere på kyst og fjordstrøk av gamle Sogn og Fjordane. Vi søkjer deg som liker ansvar og planlegging, er kontaktskapande, god på samhandling og som har alle naudsynte papir og kvalifikasjonar til føring av lasteskip mellom 8-15 meter, her minimum sertifikat for fritidsbåtskipper, bilsertifikat for hengar, som er praktisk anlagt, løysingsorientert og forståing for motor/mekanikk og bruk av krane og vinsj. Du må ha gode datakunnskapar, bruk av excel og vil få ansvar for eige budsjett. Vi ser etter deg som også har eit engasjement for friluftsliv, miljø og biologisk mangfald.

Stillinga er fast med ei prøvetid på 6 mnd. frå tilsetjingsdato.

Løn etter avtale.

Om arbeidsgiveren

Fjordane Friluftsråd er eit interkommunalt friluftsråd etablert i 2017 med kommunane Solund, Askvoll, Kinn, Bremanger, Stad og Stryn. Det er i dag totalt 8 tilsette der 6 har base i nye lokaler ved Solund Brygge på Hardbakke i Solund, og 2 med base på Horne Brygge i Florø. Friluftsrådet rår i dag over ein båtpark på 3 båtar, herav ein skjergardstenestebåt på 42 fot. Båt og leiar for tenesta har base på Hardbakke. Hovudoppgåvene til Fjordane Friluftsråd er bekjemping av marin forsøpling, skjergardsteneste, avhalde friluftsskular for born, tiltak for å fremje friluftsliv og tilrettelegging. Vi har sidan oppstarten arbeida for etablering av skjergardsteneste, som vi fekk på plass ved årsskiftet. 2021.
«Etter anbefaling fra Miljødirektoratet har Klima- og miljødepartementet i brev av 21.desember 2020 godkjent at Fjordane Friluftsråd etableres som ny drifts-enhet i Skjærgårdstjenesten. Departementet bekrefter også statlig støtte til drift av Skjærgårdstjenesten i Fjordane Friluftsråd i tråd med etablerte rutiner.»

Skjergardstenesta er eit spleiselag mellom Staten v/Miljødirektoratet, fylkeskommunen og medlemskommunane til Fjordane Friluftsråd. Kommunane sin del av spleiselaget vert dekka gjennom kontingenten dei betaler til Fjordane friluftsråd som skal stå for den daglege drifta av tenesta,

I samarbeid med friluftsråda og kommunane arbeider Skjergardstenesta med oppgåver knytt til tilrettelegging og drift av sjønærbaserte friluftsområde i medlemskommunane. Skjergardstenesta kan også delta med transportstøtte for lokale brannvern, men også utføre f.eks transporttenester for private. Tenesta er ein viktig samarbeidspartnar for Statens Naturoppsyn, og ein særs viktig aktør til å understø operasjonar knytta mot arbeidet med marin forsøpling, mellom anna ved å hente innsamla avfall. Vi er også medlem av Vestkystparken.

Arbeidsgiver Fjordane Friluftsråd

Stillingstittel Skipper og leiar for Skjergardstenesta i gamle Sogn og Fjordane

AnsettelsesformFast

 

Søknadsfrist 28.09.2021

 

Fjordkysten Friluftsråd

Spørsmål om stillingen

Bjarte Engevik, Dagleg Leiar

Telefon  994 87 500  Mobil994 87 500

Arlene Vågene, Styreleiar

Mobil  402 39 260
Send melding
Nyhet! Denne annonsen har FINNs «Enkel søknad»
Søk her

Hjemmeside
http://www.fjordanefr.no/
Hardbakke 33, 6924 Hardbakke

 

Del stillingen

Selskap

Fjordane friluftsråd

Kontaktinfo

  • Bjarte Engevik
  • Tittel: Dagleg Leiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf. 994 87 500
  • Arlene Vågene
  • Tittel: Styreleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf. 402 39 260

Lokasjon

  • Hardbakke

Søknadsfrist

September 28, 2021