Firda - Førde-omsorgssenter

Førde omsorgssenter, skjerma-, langtid- og korttidseininga søker etter

 

Sjukepleiarar

 

Førde Omsorgssenter treng ny fagkompetanse og søker din sjukepleiekunnskap!

Vi har for tida ledig fleire spennande stillingar som sjukepleiarar.

Langtidseininga har ledig:

100 %, fast stilling
72 %, vikariat på natt

Korttidseininga har ledig:

100 %, fast stilling
100 %, vikariat

Skjerma eining har ledig:

100 %, fast stilling
100 %, fast stilling

Førde Omsorgssenter:

Vårt omsorgssenter er ein moderne sjukeheim med mange engasjerte og dyktige medarbeidarar og vi har eit godt fagmiljø. Vi er tre einingar, korttid, langtid og skjerma (for deg som har interesse for demensomsorg, aldersdemens og eldreomsorg). Avdelingane har ulik pleietyngd og bebuarane har mange ulike behov og diagnosar. Vi ønsker å vere framtidsretta, der fagutvikling står sentral, og bebuaren skal vere i fokus. Målet vårt er å finne dyktige fagpersonar som kan vere med å dra i denne retninga.

Kvalifikasjonskrav:

  • norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • må beherske godt norsk, skriftleg og munnleg
  • god IKT-kunnskap

Vi legg vekt på at du:

  • har motivasjon for å jobbe innan eldreomsorg og evne til å tileigne deg ny kunnskap
  • er ein engasjert person som kan jobbe sjølvstendig og er trygg på eigne avgjerder
  • fungerer godt i team og har evne til å delegere oppgåver
  • likar å jobbe i relasjon med andre menneske og er oppteken av aktiv omsorg
  • er ansvarsbevisst og løysingsfokusert
  • er fleksibel og likar utfordringar
  • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø

Om stillingane:

  • utføre praktiske sjukepleiaroppgåver og observere tilstand og behov hos bebuar
  • samarbeide med bebuarar, pårørande, fastlege og spesialisthelsetenesta
  • rettleiing og undervisningsansvar til kollegaer/studentar
  • bidra aktivt til eit helsefremjande miljø
  • samarbeid med både kommunale og eksterne aktørar innan helse og pleie og omsorg
  • ansvar for dokumentasjon i fagprogrammet cosdoc.
  • turnus med arbeid kvar 3.helg

Vi er ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre. Vi jobbar saman i eit tverrfagleg miljø, med høg effektivitet og kvalitet. Hos oss får du kollegaer som vil du skal trivast og ein jobb du kan føle deg trygg i. Våre nye medarbeidarar skal passe inn i dette miljøet, men samtidig vere sjølvstendige og ha gode evner til samarbeid og omstilling.

Her er mange faglege utfordringar å engasjere seg i. Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunane. I tillegg har vi fokus på fleire tiltak innan demensomsorg og velferdsteknologi. Vi er opptekne av fagleg kvalitet i tenstene våre og har difor støtteordningar for relevant vidareutdanning.

Om du ønsker å arbeide med eldre menneske i eit triveleg arbeidsmiljø er du velkommen som søkar!

Fylke: Vestland

Arbeidstid:

Skift/turnus

 

Søknadsfrist: 06.02.2021

 

Arbeidsstad: Førde

 

Kontaktpersonar:

Einingsleiar, Korttidseininga, Gunn Beathe Bruland

mob: +47 479 70 742

Einingsleiar, Langtidseininga, Una Holmelid

mob: +47 990 84 361

Einingsleiar, Skjerma eining, Britt Sissel Sunde

mob: +47 474 67 361

 

Heimeside:

https://www.sunnfjord.kommune.no/

 

Sunnfjord kommune Førde omsorgssenter

Førde helsetun er ein moderne sjukeheim som har eit godt fagmiljø med mange engasjerte og dyktige medarbeidarar.

Del stillingen

Selskap

Sunnfjord kommune

Kontaktinfo

  • Se kontaktinformasjon i utlysingstekst.
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf:

Lokasjon

  • Førde

Søknadsfrist

Februar 6, 2021