Sjukepleiar – 2 x 100 % fast stilling ved Vangsheimen og heimebaserte tenester (Søknadsfrist: 03.04.2022)

 

Sjukepleiar – 2 x 100 % fast stilling ved Vangsheimen og heimebaserte tenester

 

Vang Kommune, Helse og omsorg

Vangsheimen og heimebaserte tenster (VHT) har frå våren 2022 ledig 2 faste stillingar for sjukepleiar ved hhv langtidsavdeling og korttidsavd/heimetenesta.

Vang kommune har gode lønsvilkår for sjukepleiarar.

Søknadsfrist: 03.04.2022
Arbeidsgivar: Vang Kommune
Stad: VANG I VALDRES
Stillingstittel: Sjukepleiar – 2 x 100 % fast stilling ved Vangsheimen og heimebaserte tenester
Stillingar: 2
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4494110126

Arbeidsoppgåver

Utøve sjukepleie i tråd med gjeldande krav og lovverk
Praktisk bistand og rettleiing til brukarar
Bidra til positivt samarbeid med pårørande
Dokumentere i fagsystemet Profil
Halde seg oppdatert innan eige fagområde, og delta i fagleg utviklingsarbeid
Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
Bidra til samarbeid på tvers av einingar i etaten

Kvalifikasjonar

Autorisasjon som sjukepleiar
Erfaring frå kommunal pleie- og omsorgstenestar
Gode ferdigheter innan IKT og bruk av elektronisk pasientjournal
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Førarkort kl. B (ved heimebaserte tenester)

Personlege eigenskapar

Ha evne til å gje omsorg og tryggleik
Vera fleksibel og ha tilpassingsevne
Vera motivert, engasjert og strukturert
Ha gode evner til samarbeid
Sjølvstendig og ha evne til å ta ansvar, til å ta initiativ og til å sette seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver
Evne til å sjå, tenkje og arbeide heilskapleg

Vi tilbyr

Eit godt og spanande fagmiljø med varierte arbeidsoppgåver
Eit positivt og triveleg arbeidsmiljø saman med dyktige kollegaer
Opplæring og rettleiing
Me tek atterhald om at faste tilsette med rettar etter HTA § 2.3 har førerett til utviding av stilling. Ved
intern tilsetjing blir eventelle andre ledige stillingar å tilby søkjarane.
Tilsetting skjer på vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.
Lønn etter tariff i hht hovudtariffavtala, gode pensjonsvilkår og forsikringsavtalar.
Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
Stillinga krev politiattest jf. helsepersonell-loven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding

 

Tyinvegen 5150, 2975 VANG I VALDRES, Norge

 

Søk på stillingen her.

 

Kontaktinformasjon

Stine Solemsli, Leiar VHT
61 36 95 40
stine.solemsli@vang.kommune.no

 

«Vestlandsfjell og Austlandsklima» er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.

Vang kommune er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Vi gjer merksam på at søkarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.

 

 

Del stillingen

Selskap

Vang kommune i Valdres

Kontaktinfo

  • Stine Solemsli
  • Tittel: Leiar VHT
  • E-Post: stine.solemsli@vang.kommune.no
  • Mobil/Tlf: 61369540

Lokasjon

  • Vang I Valdres

Søknadsfrist

April 3, 2022