Sjukeheimsoverlege

 

Herøy kommune, Barn-familie og helse

Vi har ledig nyoppretta 100 % stilling som sjukeheimsoverlege ved dei to sjukeheimane i Herøy kommune. Sjukeheimsoverlegen har ordinær arbeidstid med 37,5 t/v, men deler av stillinga vil vere fleksibel for å kunne gi tid til rådgjeving overfor sjukeheimane, utanfor ordinær arbeidstid. Kommunen har to omsorgssenter, eit på Eggesbønes og eit i Myrvåg med til saman 93 plassar.

Legetenesta i Herøy har 11 fastlegeheimlar, fordelt på Myrvåg legesenter og Herøy legesenter. Vi har i tillegg ei stilling for Lis1. Kvart legesenter har vakt på dagtid. Kveld og helg har vi felles legevakt med Sande kommune. Nattlegevakt er felles med fem av dei andre kommunane på Søre Sunnmøre, og lokalisert i Volda. Kommunen har 50 % stilling for kommuneoverlege. Volda sjukehus er vårt lokalsjukehus og ligg ein knapp time unna Herøy.

Arbeidsoppgåver

Sjukeheimsoverlegen sine arbeidsoppgåver er tredelte.

  • Medisinsk oppfølging av pasientar i sjukeheimane inkl. kontakt med pårørande og rettleiing av personalet
  • Deltaking i undervisning for personalet på fagdagar
  • Deltaking i overordna systemarbeid og fagutvikling for det medisinske arbeidet i kommunen sine sjukeheimar.
  • Overlege for sjukeheimen har ikkje vaktplikt, men har høve til å ta vakter etter avtale med legevaktsjef.

Stillinga er nyoppretta og du vil dermed kunne vere med på å forme denne funksjonen.

Kvalifikasjonar

  • Du må ha norsk autorisasjon og oppfylle krava i Forskrift om kompetansekrav for leger i den
  • kommunale helse- og omsorgstjenesten, og vi ønskjer at du har relevant spesialistutdanning
  • Dersom du ikkje har relevant spesialitet, vil vi legge til rette for at du kan fullføre slik utdanning
  • Du må legge fram godkjend politiattest før tilsetjing

Personlege eigenskapar

  • har interesse og engasjement for sjukeheimsmedisin
  • har gode evner til samarbeid og kommunikasjon
  • er fleksibel og oppteken av endrings- og utviklingsarbeid
  • Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane utifrå intervju og referansar. Personlege eigenskapar vert vektlagde.

Vi tilbyr

  • God pensjons- og forsikringsordning i KLP
  • Fleksibel arbeidstid
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Fagleg utvikling
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale
  • Godt organsiert samarbeid mellom dei sju kommunane på Søre Sunnmøre på fleire område, mellom anna faggruppe for sjukeheimslegane
  • Vi vil legge til rette for fagleg utvikling, spesialisering i sjukeheimsmedisin og for deltaking i nasjonale samlingar.

Tilsetjing etter gjeldande reglement, lov- og avtaleverk. Søkjarliste kan bli offentleggjort.

 

Søknadsfrist: 19.07.2020

 

Arbeidsgivar: Herøy kommune
Stad: Fosnavåg
Stillingstittel: Sjukeheimsoverlege
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4237391246
Stillingar: 1
Arbeidsstad Eggesbøvegen 11, 6092 Fosnavåg

 

Kontaktinformasjon

Runa Bakke, Avdelingsleiar
916 21 147

 

Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla yst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Saman med kommunane Ulstein, Hareid, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda utgjer vi 50.000 innbygjarar. Arbeidsmarknaden er stor og variert, der dei maritime næringane har lange tradisjonar. Regionen har også anna industri og offentlege arbeidsplassar som sjukehus og høgskular. Herøy kommune er særleg kjend for å skape verdiar frå hav og fiske. Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Med kort veg til fjell og fjøre, gjev dette eit naturleg grunnlag for aktivitetar både på sjø og land. Vi har eit breitt kultur-, fritid- og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!

 

 

Del stillingen

Follow by Email
Facebook
Twitter
LinkedIn

Selskap

Herøy kommune

Kontaktinfo

  • Runa Bakke
  • Tittel: Avdelingsleder
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 916 21 147

Lokasjon

  • Fosnavåg

Søknadsfrist

Juli 19, 2020