Vestnes kommune Helland barneskule

SFO leiar 100% stilling vikariat – Helland barneskule SFO

 

Det er ledig 100 % vikariat som SFO leiar ved Helland barneskule SFO for perioden 17.04.23 – 20.12.2023. Det er ønskeleg med opplæring før vikariatet startar. Opplæringsperiode avklarast nærmare ved tilsetting.

Arbeidsoppgåver

– økonomi- og personaloppgåver
– samarbeide og følgje opp tilsette, barn og foreldre i samarbeid med leiargruppa
– vikaransvar
– delta og leie diverse møter
– tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar
– HMS/Internkontrollsystem: brannrutinar, vernerundar, årshjul og avvikshandtering.
– rettleie barna fagleg og sosialt

Kvalifikasjonar

– det er ønskeleg med pedagogisk utdanning på høgskulenivå, men ikkje eit krav
– ønskjeleg med leiarutdanning, men ikkje eit krav
– beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
– ha god kommunikasjonsevne
– digital kompetanse
– bidra til teamutvikling
– engasjert og fagleg dyktig
– det blir stilt krav om politiattest
– personlege eigenskapar vil og bli vektlagt.

Personlege eigenskapar

– erfaring og kunnskap om barn i alderen 5-9 år
– kan jobbe sjølvstendig og strukturert
– evne og vilje til å rettleie vaksne og barn for å fremje god fritid for barna
– opptrer som ein trygg og tydeleg vaksen
– er løysingsfokusert og utviklingsorientert
– er fleksibel, omgjengeleg og har god samarbeidsevne

Vi tilbyr

– eit godt arbeidsmiljø og dyktige kollegaer
– ein arbeidsplass med fokus på utvikling
– ein kommune som er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
– gode pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale

Tilsettingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering.

Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referansar

Oppgi referansar

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt inn via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende vedlegg. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.

 

Søk på stillingen her.

Fylke: Møre og Romsdal

Jobbtype: Vikariat

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 06.12.2022

 

Tiltreding: 17.04.2023

Arbeidsstad: Helland barneskule SFO

 

Kontaktpersonar:

Gisela Smith-Nilsen

mob: +47 994 41 455

Jeanette Beinset

mob: +47 901 61 296

 

Heimeside:
www.vestnes.kommune.no
Adresse: Skulevegen 2 6390 Vestnes

 

Vestnes kommune

Helland barneskule har ca. 290 elevar på 1.-7.årssteg. Skulen har skulefritidsordning med ca 90 barn.
Det er idrettshall på skuleområdet. Skulen ligg sentralt i kommunen, gangavstand til sentrum og nær busstopp for Timeekspressen til Ålesund.

 

Del stillingen

Selskap

Vestnes kommune

Kontaktinfo

  • Gisela Smith-Nilsen
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 994 41 455
  • Jeanette Beinset
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 90161296

Lokasjon

  • Vestnes

Søknadsfrist

Desember 6, 2022