Sals- og kundeansvarleg

 

Arbeidsgiver Vest-Telemark Kraftlag

Frist 21.04.2023

Ansettelsesform Fast

Me søkjer etter ny medarbeidar til ei nyoppretta og spennande stilling som sals- og kundeansvarleg straum. Me søkjer deg som tenkjer sal, ser nye mogleghetar og ynskjer å ta ansvaret for å oppnå salsmål gjennom å utvikla kundeporteføljen vår. Du trivast med å jobba sjølvstendig og utoverretta samstundes som du er ein del av eit team!

Stillinga inneber mellom anna strategisk arbeid som marknad/konkurrentsanalysar, marknadsstrategi, marknadsføring og salsaktivitetar. Du vil også vera ein del av kundesenteret ved VTK i den daglege oppfylgjinga av eksisterande kundar. Sentrale arbeidsoppgåver ved kundesenteret er mottak og oppfylging av kundehenvendingar på e-post og telefon, registrering/endring av kundedata, avrekning/fakturering og anna kunderelatert arbeid.

Me søkjar ein positiv, strukturert og sjølvgåande person som set kunden i sentrum. Stillinga har stor grad av kundekontakt og gode evner til å uttrykkja seg muntleg og skriftleg vil difor bli vektlagt. Utdanning og erfaring frå marknadsføring, sal og kundeservice er ynskjeleg, men også god IT kompetanse vil bli vektlagt. Kjennskap til energibransjen og spesielt kraftomsetning vil vera ein fordel, men er ikkje eit krav.

Du må disponere eigen bil som vil bli godgjort etter selskapets til eikvar tid gjeldande avtaler. Løn etter nærare avtale. VTK har eiga pensjonskasse med vilkår som i andre offentlege ordningar. Spørsmål om stillinga kan rettast til personal ved Stine Hille (tlf. 901 13 572) eller påtroppande Konsernsjef ved Svenn-Erik Rafoss (tlf. 912 47 429).

Søknad med CV og kopi av dei viktigaste vitnemål/attestar sender du på mail til VTK.

 

Søk på stillingen her.

 

Spørsmål om stillingen

Stine Hille / Svenn-Erik RafossStillingstittelØkonomisjef / påtroppande KonsernsjefTelefon35 07 57 00Mobil901 13 572

 

Om arbeidsgiveren

Vest Telemark Kraftlag (VTK) blei stifta 13. september 1940 og er i dag eit konsern der VTK Holding AS er morselskap; – eigd av dei 6 kommunane i Vest-Telemark. I konsernet er det to dotterselskap, Telemark Nett AS og VTK AS. Telemark Nett AS har eit samla nett på over 3000 km for å forsyne sine 15.000 nettkundar. VTK AS driv med kraftproduksjon, kraftomsetning og fiber. Kraftproduksjonen er primært knytt opp mot deleigde selskap, der Skafså Kraftverk ANS og Sundsbarm Kraftverk DA er dei største. VTK AS har ein total produksjonstilgang på ca. 280 GWh.
VTK har om lag 11000 kundar på kraftomsetning. Fibernettet blir leigd ut til deleigd dotterselskap Telefiber AS som har over 6000 kundar. Konsernets aktivitetar er samla på Høydalsmo i Tokke kommune. Nettselskapet har ei avdeling i Treungen i Nissedal kommune. Konsernet hadde i 2022 ei omsetning på ca. 700 mill.kr og om lag 60 tilsette.

 

Del stillingen

Selskap

Vest-Telemark kraftlag

Lenke til firma

https://www.vtk.no/

Kontaktinfo

  • Stine Hille
  • Tittel: Økonomisjef
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Mobil 901 13 572
  • Svenn-Erik Rafoss
  • Tittel: Påtroppande konsernsjef
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon35 07 57 00

Lokasjon

  • Høydalsmo

Søknadsfrist

April 21, 2023