Ullensvang kommune Byggesak, kart og oppmåling

100% stilling som rådgjevar ved landbruk i Noregs friluftshovudstad

 

Friluftshovudstaden Ullensvang er i ei spanande utvikling. Turisme, landbruk og industri har stor vekst, noko som fører til at vi òg treng fleire flinke medarbeidarar i kommunen.

Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenester, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og treng no å ha fleire med på laget.

Tar du utfordringa?

Stillinga ligg til verksemd for Landbruk og havbruk. Verksemda er no slått saman med verksemd for Byggesak, kart og oppmåling med felles leiar. Verksemda har i dag totalt 13 tilsette, og det er kontorfasilitetar i Odda, Jondal og Kinsarvik. Ein vil vere fleksibel i høve til arbeidsstad.

Arbeidsoppgåver:

Landbrukskontoret har ansvaret for alle saker som gjeld landbruk. Dette gjeld mellom anna tilskotsordningar innan jord-og skogbruk, og saker som gjeld jordvern, eigedomsoverdraging, næringsutvikling, tilleggsnæringar og miljøsaker knytt til landbruk.

Oppgåvene til dei tilsette ved kontoret varierer avhengig av kompetanse, interesser og aktuelle saker.

Ynskte kvalifikasjonar:

  • Relevant landbruksfagleg utdanning frå høgskule/universitet.
  • Erfaring frå sakshandsaming i offentleg administrasjon er ønskeleg.
  • Kjennskap/ erfaring til aktuelt lovverk og erfaring frå fagområda.
  • Gode evner til skriftleg, munnleg og visuell presentasjon.

Administrasjonsspråket i Ullensvang kommune er nynorsk.

Eigenskapar:

  • Ynskje om å delta aktivt i utviklinga av den nye kommunen.
  • Evne til å arbeida systematisk.
  • Gode gjennomføringsevner.
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Fleksibilitet og positiv innstilling.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø.
  • Løn etter avtale.
  • Gode moglegheiter for å utvikla kommunen, tenesta og eigen kompetanse.

Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

 

Søk på stillingen her.

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

Arbeidsstad: Ullensvang kommune

 

Kontaktpersonar:

Trygve Vik

mob: +47 900 69 759

 

Heimeside:
ullensvang.kommune.no
Adresse: Opheimsgata 31 5750 Odda

Ullensvang kommune Byggesak, kart og oppmåling
– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?

 

Del stillingen

Selskap

Ullensvang kommune

Kontaktinfo

  • Trygve Vik
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 900 69 759

Lokasjon

  • Odda

Søknadsfrist

Januar 28, 2023