Øygarden kommune- PPT

 

Psykolog 2x100% vikariat – PPT

 

Det vert no lyst ut etter psykolog/psykologspesialist i PPT, 100 % årsvikariat frå 1.9.2020, under området Oppvekst.

Stillingane er i PP-tenesta, og vil ha ein sentral plass i tenesta sitt arbeid med rådgjeving til foreldre og tilsette i barnehage og skule, i møte med barn og unge, og sakkunnig utgreiingsarbeid. Vi legg vekt på å nytta den unike fagkompetansen til kvar enkelt medarbeidar.
Satsingsområde og fagprofil er inkluderande pedagogikk og nyare utviklingspsykologi med fokus på relasjonar og samspel, førebygging,tidleg intervensjon og pedagogisk/psykologisk utviklingsarbeid. Det tverrfaglege arbeidet vert tilrettelagt gjennom ulike samarbeidsorgan og team innan tenesta, og på tvers av tenester. Øygarden kommune jobbar etter prinsippa i BTI – Betre Tverrfagleg Innsats!

Arbeidsoppgåver:

Deltek i ulike tverrfaglege team og nettverk
Konsultasjon, rådgiving og rettleiing med/til skular, barnehagar og andre
Systemarbeid med skular og barnehagar
Er ein del av eit tverrfagleg team internt på kontoret
Utgreiing av barn og unge

Kvalifikasjonar:

Må ha:

Profesjonsstudium i psykologi, gjerne med spesialistutdanning. Eventuelt vert det lagt til rette for å spesialisere seg
Anna relevant høgare utdanning på masternivå kan bli vurdert

Ønskjeleg med:

Praksis/erfaring med barn og unge, utgreiing, tiltaksutvikling og rettleiing

Personlege eigenskapar:

Gode samarbeidsevner
Evne til å arbeide fleksibelt, målretta og løysingsorientert
Evne til å arbeide sjølvstendig og i team

Anna:

Du må kunne nytte eigen bil i tenesta

Vi tilbyr:

Gode pensjons- og forsikringsordningar
IA verksemd
Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
Interessante utfordringar
Høve til fagleg og personleg utvikling

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

Fylke: Vestland

Jobbtype: Vikariat

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist:  02.08.2020

 

Arbeidsstad: Straume

 

Kontaktpersonar:

Sissel Fuglestad

mob: +47 91148277

 

Heimeside:
oygarden.kommune.no
Adresse: 5353 Straume

Øygarden kommune- PPT

Pedagogisk psykologisk tjeneste (PPT) gjev barn og foreldre råd og rettleiing om utvikling, opplæring, trivsel og tilpassing i heim, barnehage og skule.

PPT utgreiar og gjev råd om behova til barn for spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning (0 -16 år). PPT er også sakkyndig for vaksne med behov for spesialundervisning på området for grunnskulen.

 

Del stillingen

Follow by Email
Facebook
Twitter
LinkedIn

Selskap

Øygarden kommune

Kontaktinfo

  • Sissel Fuglestad
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 911 48 277

Lokasjon

  • Straume

Søknadsfrist

August 2, 2020