Vil du vere med å drifte arbeidet med marin forsøpling i Fjordane Friluftsråd ?

Prosjektleiar Rydd Sogn og Fjordane

 

Arbeidsgiver Fjordane Friluftsråd

Stillingstittel Frist 19.06.2023

Ansettelsesform Prosjekt

Prosjektleiar / koordinator Marin forsøpling. (NB kort frist!)

Presentasjon av stillinga:

Fjordane Friluftsråd søkjer prosjektleiar/koordinator for «Rydd Sogn og Fjordane» med kontorstad Florø. der vi vil ha eit Stillinga har ein varighet på 9 mnd, men kan om ny finansiering frå MARFO forlengast inntil 01.04.2025. Dette er ei spennande og særs givande stilling der du verkeleg får bidra positivt til rydding av naturen. Fjordane Friluftsråd har sidan 2017 hatt ei aktiv rolle innan bekjemping av marin forsøpling, og driftar i dag store prosjekt på dette.

Rydd Sogn og Fjordane er eit overordna koordinerande strandryddeprosjekt for områda av tidligare Sogn og Fjordane. Prosjektet tar for seg koordinering av frivillig rydding av marint avfall frå indre og ytre kyststrøk frå Solund i sør til Stad og Stryn i nord. Du motiverer til rydding, fører rydderesultater, rapporterer på budsjett og førebur nye søknader for vidare finansiering, får aktive dagar i felt med rydding og innhenting av avfall bl.a med Skjergardstjenesta i Sogn og Fjordane. Det vil vere eit kollegialt samarbeid med andre kring prosjekt som Skuleturnè for havet, Friluftsliv og strandrydding som sosial arena m.m.

Arbeidsoppgåver;

  • Budsjettansvar med føring av prosjektrekneskap og rapportering.
  • Engasjere frivillige lag, skular og enkeltpersonar til rydding.
  • Planlegge og delta på ryddeaksjonar.
  • Koordinere ryddelaga sitt arbeid opp mot all anna aktivitet i Sogn og Fjordane saman med Prosjektleiar for Rydd Norge Vestland for Solund, Askvoll, Stad.
  • Samarbeide mot og tidvis delta på tokt med Skjergardstenesta (internt i FF).
  • Planlegge og booke tokt med større arbeidsbåt.
  • Undervisning skular, bedrifter.
  • Tilrettelegge for effektiv handtering av marint avfall, derav kommunikasjon med renovasjonsselskaper ang. utsetting og innhenting av konteinere.
  • Nettverksbygging med organisasjonar, frivillige lag, bedrifter og offentleg sektor.
  • Fylgje opp avtalar med underleverandørar, og ha kontakt med samarbeidspartnere og videreutvikle dette.
  • Ansvarleg for tilfredsstillande rapportering.

Kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning innan miljø, renovasjon og/eller maritime fag eller tilsvarande praksis.
  • Gjerne erfaring som prosjektleiar, med gode leiareigenskapar.
  • Budsjettarbeid og bruk av excel.
  • God formidlingsevne og evne til å engasjere.
  • Organisatorisk og administrativ erfaring.
  • God kompetanse i bruk av ulike digitale verktøy, databaser og kartprogram, gjerne òg i bruk av GIS-verktøy.
  • Erfaring med organisering av operasjoner i felt, helst maritime operasjonar.
  • Solid erfaring med HMS-arbeid og sikkerheit ifrå feltoperasjonar.
  • God optimaliseringskompetanse for arbeid i felt.
  • Lokal- og stadkunnskap på kysten av gamle Sogn og Fjordane vil vere å føretrekke.
  • Solid forståing av planlegging i høve vær og tilhøve på ytre kyst av Vestland.
  • Sertifikat på bil og minimum båtførarprøve og sikkerheitskurs for båtfolk (sistnemde vil evt. arrangerast som del av opplæringa).
  • Kan vise til plettfri vandelsattest (ifb. med arbeid med born og unge)

Personlege eigenskaper:

  • Du må vere ryddig, positiv og påliteleg med gode kommunikasjonsevner.
  • Du må vere sjølvstendig, løysingsorientert og initiativrik med god evne til jobbing på eigahand og med ansvar for eiga framdrift, men også i team.
  • Erfaring med ansvar for tilsette vert vektlagt og med gode evner til motivering og bygging av eit sunt og inspirerande arbeidsmiljø i teamet du vil ha ansvar/blir del av.
  • Vi ser etter deg som er skikka og har evne til å leie, byggje nettverk i offentleg, privat og frivillig sektor og brenn for miljøet og ein reinare kyst.
  • Dette er ei stilling kor du må vere uthaldande, både motivasjonsmessig og fysisk.

Vi tilbyr:

Ei spanande prosjektstilling med varierte oppgåver og eit sunt arbeidsmiljø på kysten av Sogn og Fjordane.

Du vil få ein variert arbeidskvardag på kontoret, i felt, på sjøen og i land på holmar og skjær i havgapet.

Dette er ei utruleg gjevande stilling kor du får vere med å drive eit prosjekt for å rydde opp i ei av vår tid sine største miljøutfordringar – nemleg marin plastforureining.

Den som vert tilsett må pårekne noko reiseverksemd.

Løn etter avtale, kommunal pensjonsordning gjennom KLP, og naudsynte forsikringar.

 

Kontaktinformasjon

Fjordane Friluftsråd

Kommunehuset

6924 Hardbakke

Arbeidsstad / kontor Fjordane Friluftsråd

Horne Brygge 6900 Florø

 

Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Fjordane Friluftsråd

Stillingsprosent: 100%

Søknadsfrist 19.06.2023

Varighet; 9 mnd, høve til forlenging.

Om stillinga

Stillingstittel: Prosjektleiar

Stad: Fjordane Friluftsråd

Ansettelsesform: Anna

Oppstart; 01.08.2023

Heltid/deltid: Heiltid

Tal stillingar: 1

Sektor: Friluftsråd

 

Om arbeidsgivaren

Arbeidsgiver; Fjordane Friluftsråd, org.nr. 918 552 537

Adresse: Hardbakke 26, 6924 Hardbakke

 

Søk på stillingen her.

 

Horne Brygge 15, 6900 Florø

Fjordkysten Friluftsråd

 

Spørsmål om stillingen

Bjarte Engevik, Dagleg leiar

Mobil  917 72 723

Arlene Oddbjørg Vågene, Styreleiar

Mobil  402 39 260

 

Om arbeidsgiveren

Fjordane Friluftsråd er ein interkommunal organisasjon starta opp i 2017. Solund, Bremanger, Askvoll, Kinn, Stad og Stryn er medlemskommunar i friluftsrådet. Hovedkontoret ligg på Solund Brygge Hardbakke i Solund, men vi har også kontorstad på Horne Brygge i Florø.

Vi arbeider med planlegging, gjennomføring, organisering, og førebyggande arbeid opp imot marin forsøpling. Skjergardsteneste og eigne ryddelag bidreg sterkt med å rydde kyst og fjordstrøk for marint avfall. Vi arbeider med offentlege og private aktørar, slik at vi kan legge til rette for god folkehelse med lågterskel friluftsliv.

 

Del stillingen

Selskap

Fjordane friluftsråd

Kontaktinfo

  • Bjarte Engevik
  • Tittel: Dagleg Leiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Mobil 994 87 500

Lokasjon

  • Florø

Søknadsfrist

Juni 19, 2023