Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar. Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.

 

Prosjektleiar 100% – S15

 

Omtale av stillinga

Eining for Rus- og psykiske helsetenester søkjer etter prosjektleiar i 100% stilling.
Kvinnherad kommune har fått tilskotsmidlar til utvikling av tilbod til voksne med langvarige og samansette tenestebehov. Mål for prosjektet er å etablera ein ny modell og arbeidsform for tenesteyting til brukarar med rus- og psykisk liding. Prosjektleiar har mellom anna ansvar for å utarbeide prosjektplan, brukarundersøking, kartlegging, dokumentasjon, rapportering og evaluering. Prosjektet skal bidra til å etablere nye samarbeidsformer og arenaer for tverrfagleg samhandling med målsetting om å skape kvalitativt gode og heilskaplege tenester.
Arbeidstad på Husnes ved avdeling S15.
Prosjektet er planlagt for 1 år. Det kan vere mogleg med forlenging av perioden. Tilsetjing snarast etter avtale.

Kvalifikasjonar

– 3 årig helse- og/eller sosialfagleg høgskuleutdanning. Anna utdanning kan vurderast saman med andre kvalifikasjonar.
– Utdanning og/eller erfaring i prosjektleiing/arbeid.
– Relevant vidareutdanning i rus og/eller psykisk helse kan vere eit føremon.
– Førarkort klasse B.

Personlege eigenskapar

Ved tilsetjing vert det lagt vekt på:

– Personlege eigenskapar.
– God samarbeidsevne, god kommunikasjon og relasjonsbyggjer.
– God system- og organisasjonsforståing.
– Gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg.
– Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert.
– Kjennskap til tverrfagleg samarbeid.
– Evne til fleksibilitet og endringsvilje.

Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponere eigen bil.

Vi ber og om at du oppgir mobiltelefonnr. og e-postadresse i søknaden din.

Vi tilbyr

Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.

Søknad vert å senda

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

 

Søknadsfrist  01.08.20

 

Vår ref3810
Merk søknad

Fakta

Selskap Kvinnherad kommune
Stilling Sykepleier
Stillingstype Mellombels tilsett
Lokasjon Rus- og psykiske helsetenester

 

Kontakter

Ida Kristine Dolonen-Marthinussen, Avdelingsleiar ved s15 og Utsikten
ida.dolonen@kvinnherad.kommune.no
Mobil  910 04 268

 

Linn Stene Hellås, Einingsleiar
linn.stene.hellaas@kvinnherad.kommune.no
Mobil  959 60 651

 

 

Del stillingen

Follow by Email
Facebook
Twitter
LinkedIn

Selskap

Kvinnherad kommune

Kontaktinfo

  • Ida Kristine Dolonen-Marthinussen
  • Tittel: Avdelingsleiar ved s15 og Utsikten
  • E-Post: ida.dolonen@kvinnherad.kommune.no
  • Mobil/Tlf: Mobil 910 04 268
  • Linn Stene Hellås
  • Tittel: Einingsleiar
  • E-Post: linn.stene.hellaas@kvinnherad.kommune.no
  • Mobil/Tlf: Mobil 959 60 651

Lokasjon

  • Rosendal

Søknadsfrist

August 1, 2020