SKL er mellom dei 10 større kraftprodusentane i landet. SKL jobbar med fornybar, rein energi. Vasskraft. Fordi det er naturleg og berekraftig. Me forvaltar våre felles naturressursar og gjev energi attende tillokalsamfunnet.

 

PROSJEKTINGENIØR VASSKRAFT

 

SKL står framfor ei rekkje ny prosjekt innan vasskraft, både innan storkraft og småkraft. Vi har også ei rekkje oppgraderingsprosjekt i eksisterande anlegg, spesielt knytt til damanlegg. Me vil ha fleire med på laget som trur at ei grøn og fornybar framtid gjev oss unike fordelar. Som prosjektingeniør vil du jobba på eit eller fleire av våre prosjekt. Du vil arbeida saman med erfarne kollegaer, og får høve til å gradvis veksa i stillinga, og ta større ansvar. Du vil få stor fagleg variasjon innan eitt eller flere fagområde. Eksakte arbeidsoppgåver og utviklingsplanar vil vere basert på di erfaring og utdanning.

Vi ser etter deg som er sivilingeniør innan bygg og anlegg. Du kan gjerne vere i startfasen av arbeidskarriera di. Du har gjerne spissa utdanning og kompetanse innan konstruksjon eller energi, og interesse for damtryggleik. For å trivast hjå SKL må du ha eit positivt engasjement, vere dedikert og våga
å tenkja nytt. Du får vere med på spanande og komplekse byggeprosjekt, og bli ein del av ei profesjonell verksemd med eit sterkt fagmiljø. Hjå SKL får du plass i ein organisajon med klare målsetjingar, stort fokus på miljø og ein sterk vilje til å lukkast. Det gjer at me har mange nøgde og stolte tilsette. Me har gode tilbod til personleg og fagleg utvikling og opplæring. Me tilbyr konkurransedyktige
vilkår i eit engasjert og fagleg spanande arbeidsmiljø.

Kontakt oss gjerne for ein uforpliktande prat om stillinga. Kontaktperson er
avdelingsleiar Kjetil Harestad, mobil 97 55 60 49. E-post: [email protected]
Send søknad innan 22. mai 2022. til [email protected]
www.skl.as

 

Del stillingen

Selskap

SKL AS

Lenke til firma

https://skl.as/

Kontaktinfo

  • Kjetil Harestad
  • Tittel: avdelingsleiar
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: mobil 97 55 60 49

Lokasjon

  • Stord

Søknadsfrist

Mai 22, 2022