Ullensvang kommune Kultur, næring og samfunn

 

Ledig stilling som plansjef

 

Mellom fagre fjell og opne vidder, på begge sider av majestetiske Sørfjorden, ligg Ullensvang kommune som i eit eventyrlandskap. Her finn du nydeleg natur, pittoreske bygder, koselege folk, og eit variert kulturtilbod. Inst inne i Sørfjorden ligg småbyen, region- og kommunesenteret Odda. No har me ledig jobb som plansjef – ei av dei mest spanande stillingane i regionen.

Ullensvang kommune er ambisiøs i plan- og utviklingsarbeidet. Me opplever no ei stor utvikling i næringslivet, saman med eit betydeleg press på bustadmarknaden. Kommunen er viktig for vidare tilrettelegging og styring av utviklinga. Plansjefen spelar her ei sentral rolle.

I stillinga ligg leiaransvaret for verksemda Samfunnsutvikling og Plan, som i skrivande stund tel åtte personar. Verksemda arbeider mellom anna med:

Utarbeiding av kommunale planar
Prosjektutvikling i sentrumsområda og bygdene
Handsaming av private planar
Rådgjeving og handsaming av saker knytt til naturmiljø, verneområde og kraftutbygging
Friluftsliv og idrett, samt Litteratursymposiet
Deltaking i tverrfaglege utviklingsprosjekt i kommunen
Som Plansjef vil du vere involvert i mange ulike prosessar og prosjekt, med hovudvekt på planlegging. Dette krev god kompetanse og erfaring knytt til planlegging og systemforståing. Mange av prosessane er tverrfaglege og får store konsekvensar for samfunnet over tid. Det er såleis naudsynt at du har eit grunnleggjande engasjement og interesse for samfunnsutviklinga i kommunen.

Leiaransvaret omfattar personal-, økonomi- og fagansvar. Du må såleis vere motivert og ha klare tankar om korleis du vil utøve leiarskapet. Dei tilsette har god og variert kompetanse og verksemda leverer i dag bra framdrift i prosjekta. Plansjefen er ansvarleg for denne framdrifta, i tråd med den politisk vedtekne planstrategien.

Samspelet mellom politikk, administrasjon og innbyggarar/næringsliv er sentralt for å oppnå gode og effektive prosessar. Gode evner knytt til samarbeid og kommunikasjons er difor viktig.

Me kan tilby:

Moglegheiter til å påverke samfunnsutviklinga i ein region der det skjer mykje
Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver
Leiaransvar for ei dyktig gruppe med tilsette
Konkurransedyktig lønn

Me ser etter deg som:

Har relevant utdanning og erfaring
Er motivert for å lede eit tverrfagleg fagmiljø
Er engasjert og samfunnsinteressert
Er strukturert og har system- og lovforståing
Trivst med å jobba med menneske

 

Søk på stillingen her.

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 30.11.2022

 

Arbeidsstad: Ullensvang kommune

 

Kontaktpersonar:

Kristian Bondhus-Jensen

mob: +47 975 58 600

 

Heimeside:
ullensvang.kommune.no
Adresse: Opheimsgata 31 5750 Odda

Ullensvang kommune Kultur, næring og samfunn
– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?

 

Del stillingen

Selskap

Ullensvang kommune

Kontaktinfo

  • Kristian Bondhus-Jensen
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 975 58 600

Lokasjon

  • Odda

Søknadsfrist

November 30, 2022