Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag

Ph.d.-stipendiat i leiing 

 

Om stillinga

Høgskulen i Volda lyser med dette ut ei stilling som ph.d.-stipendiat i leiing. Stillinga er ved Avdeling for samfunnsfag og historie, Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS).

Ved IPAS er forsking og undervisning med relevans for leiing i offentleg sektor eit sentralt tema. IPAS tilbyr Master i samfunnsplanlegging og leiing, der det blir lagt vekt på å gje kunnskap om og forståing av samfunnsplanlegging og offentleg leiing som politisk styrte prosessar, med sikte på heilskapleg og berekraftig utvikling. Utgangspunktet er at leiarar i offentleg sektor har eit stor samfunnsansvar og at planlegging er ein reiskap for slik leiarskap.

Høgskulen i Volda

Kvalifikasjonar

Søkjarar må ha fullført mastergradutdanning eller tilsvarande innanfor samfunnsvitskaplege fag, eller i andre relevante fag. Søknaden skal innehalde ei prosjektskisse på 5–10 sider for det forskingsarbeidet ein vil gjennomføre (ph.d.-avhandlinga).

Utlysinga søkjer etter prosjekt som omhandlar leiing i vid forstand. Søknaden kan mellom anna sjå på leiing av planprosessar på kommunalt, fylkes- og regionalt nivå, men vi ønskjer også søknader som tek føre seg offentleg leiing av typiske ekspertorganisasjonar eller profesjonsbyråkrati. Fagleg erfaring eller forskingskompetanse utover mastergrad på det aktuelle fagfeltet vil bli vektlagt i vurderinga av søkjarane.

Eit vilkår for å ta til i stipendiatstillinga er at ein får opptak på eit godkjent nasjonalt eller internasjonalt doktorgradsprogram. Frist for å levere dokumentasjon på dette er tre månader etter ein har fått tilbod om stillinga. Vi gjer merksam på at dei doktorgradsgjevande institusjonane vanlegvis stiller krav om gjennomsnittskarakter på B eller høgare på masterstudiet for å få opptak. Søkjarar med utanlandsk mastergrad må ha utdanninga godkjent av NOKUT.

Erfaring med forsking og undervisning, personlege eigenskapar som samarbeidsevne, evne til å ta initiativ og arbeide sjølvstendig, og god munnleg og skriftleg formidlingsevne vert vektlagde. Tilsetjinga vil skje i tråd med dei faglege behova på instituttet.

Søkjaren må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Undervisings- og administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.

Vi tilbyr

Eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.

Stipendiatstillingar vert løna i statens lønsregulativ, lønnsplan 17.515, stillingskode 1017 stipendiat, LR 20, lønstrinn 54.

Om stipendiatstillingar

Ei stipendiatstilling er ei mellombels stilling på åremål. På fulltid er ho tre år, eventuelt kan tilsetjingsperioden utvidast til fire år på fulltid, der 25 prosent av stillinga blir knytt til undervising eller andre faglege gjeremål ved Høgskulen i Volda.

Arbeidsstaden er ved Høgskulen i Volda, Avdeling for samfunnsfag og historie.

Stipendiatstillingane er underlagt føresegnene i Forskrift om ansettelsesvilkår for stillinger som postdoktor, stipendiat, vitenskapelig assistent eller spesialistkandidat fastsett av KD 31.02.2006, og ut over dette av dei lover, avtalar og reglement som til ei kvar tid gjeld.

Generell informasjon

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering. Vi gjer søkjarar som oppgir at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV merksam på at denne opplysinga kan verte brukt til statistikkføremål knytt til regjeringa sin inkluderingsdugnad.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju og/eller prøveundervisning. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

I samsvar med Offentleglovas § 25 kan søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Søkjarar som ønskjer å reservere seg, må under «søknad» hake av for «Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven» samt grunngi søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet på søkjaren skal offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følge.

Om søknaden

Søknader med all dokumentasjon skal sendast elektronisk gjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge. Det er lenkje til elektronisk søknad på nettstaden: www.hivolda.no/stilling.

I Jobbnorge registrerer du informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du informerer om referansar. Søknaden skal gje fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis.

Det er søkjaren sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp til søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post eller i vanleg post til høgskulen.

Kontakt

‘Nærare opplysningar får du ved å vende deg til programansvarleg for Master i samfunnsplanlegging og leiing, Bjarte Folkestad, e-post bjarte.folkestad@hivolda.no, tlf. 7007 5022, instituttleiar ved IPAS, Nils Magne Magerøy, e-post nmm@hivolda.no, tlf. 70 07 51 63, eller dekan ved ASH, Randi Bergem, e-post randi.bergem@hivolda.no, tlf. 70 07 52 11.

Om instituttet

Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS) tilbyr i dag mellom anna bachelor i planlegging og administrasjon, master i samfunnsplanlegging og leiing, årsstudium i samfunnsvitskap, skuleretta samfunnsfag og samfunnsfag i barnehagelærarutdanning og grunnskulelærarutdanning, Instituttet har per i dag 19 fast tilsette.

Om avdelinga

Avdeling for samfunnsfag og historie har undervisningsansvar for omlag 1100 studentar, fordelt på tre institutt: Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS), Institutt for sosialfag (ISF) og Historisk institutt (HI).

Volda

Det beste med Volda

Studentar og bygdefolk fortel kva dei synest er det beste med Volda. 

Om Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 350 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

 

Søknadsfrist  17. mars 2020

 

Arbeidsgivar  Høgskulen i Volda
Kommune Volda
Omfang Heiltid  Varigheit Åremål

Jobbnorge-ID  180160

Del stillingen

Selskap

Høgskulen i Volda

Lenke til firma

https://www.hivolda.no/

Kontaktinfo

  • Bjarte Folkestad
  • Tittel: Programansvarleg for Master i samfunnsplanlegging og leiing,
  • E-Post: bjarte.folkestad@hivolda.no
  • Mobil/Tlf: 70 07 50 22
  • Nils Magne Magerøy
  • Tittel: Instituttleiar ved IPAS
  • E-Post: nmm@hivolda.no
  • Mobil/Tlf: 70 07 51 63
  • Randi Bergem.
  • Tittel: Dekan ved ASH
  • E-Post: randi.bergem@hivolda.no
  • Mobil/Tlf: ,70 07 52 11

Lokasjon

  • Volda

Søknadsfrist

Mars 17, 2020