Har du lyst til å vere med å utvikle skule og barnehagane i Tokke ? Då må du søkje ledig stilling som pedagogisk rådgjevar.
Stillinga ligg under kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett.
Hovudoppgåver:
- Rådgjeving og sakshandsaming i barnehage og skulesaker.
- Pedagogisk rettleiing i skule og barnehage.
- Pådrivar for kompetanseutvikling i skule og barnehage.
- Delta i interkommunalt arbeid og samarbeid med eksterne utviklingspartnarar
- System for kvalitetsvurdering i samsvar med Opplæringslova §13.10.
- Delta i høve rapportering GSI for grunnskulen og BASIL for barnehagen.
- Drifte regionale nettverk i Tokke for både barnehage og skule.
- Forvaltning av tilskot til barnehagane og skulane.
- Delta i godkjenning og tilsyn av barnehagane.
- Tilstandsrapport o.l.
- Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga
Me legg vekt på følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Pedagogisk utdanning og relevant praksis.
- Føremon med erfaring frå og spesiell interesse for pedagogisk utviklingsarbeid.
- Stor arbeidskapasitet og evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
- Har god kompetanse innan prosjekt- og prosessarbeid, lærande arbeidsmåtar
- Har god relasjons- og samhandlingskompetanse
- Er digital og kan drive fram nye digitale arbeidsmåtar med engasjement
- Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Tek initiativ, jobbar systematisk, er strukturert og tydeleg.
- Være innovativ og nytenkande.
- Positiv, fleksibel og løysningsorientert
- Den som blir tilsett må ha sertifikat og kunne disponere eigen bil i tenesta.
Me kan tilby:
- Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat
- Eit godt arbeidsmiljø
- Hjelp til å skaffe husvære
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett, Tone Lunde Skaalen, tlf. 97171406, e-post: tone.lunde.skaalen@tokke.kommune.no
Søknad skal sendast på elektronisk skjema som du finn her
Velkomen som søkjar!