Pedagog i barnehage – Faste stillingar og vikariat – med rekrutteringstiltak!

 

Vang Kommune

Vang kommune har ledige pedagogstillingar i våre barnehagar:

Pedagogisk leiar Fredheim bhg: 100 % fast stilling frå 01.08.22
Pedagog knytt til vedtak Fredheim bhg: 60 % fast stilling frå 01.08.22
Pedagog eller anna relevant 3 årig høgskuleutdanning (vernepleiar, barnevernspedagog, mm), stilling knytt til vedtak, Høre bhg: 100 % engasjement barnehageåret 22/23
Barnehagebarna våre fortener dei beste pedagogane. Me søkjer derfor etter fagleg sterke og engasjerte pedagogar som brenn for barna si læring og trivsel!

Kommunen satsar sterkt på psykisk helse og livsmeistring, med robuste barn og unge som taklar medgang og motgang. Oppvekstsektoren i Vang har eit felles utviklingsprosjekt gjennom SmartOppvekst, og me er no i vårt fjerde år i denne satsinga. Vert du med oss på laget?

Rekrutteringstiltak: Flyttegodtgjering og redusert husleige!

For faste stillingar tilbyr kommunen flyttegodtgjering ved flytting til Vang kommune (kompensasjon av faktiske flytteutgifter inntil gitt sum) og redusert husleige det første året (enten ved kommunal bustad eller bidrag til husleige ved privat leige etter prisanslag). Bindingstid vil tilkome.

For vikariatet kan kommunen tilby redusert husleige i tilsetjingsperioda (enten ved kommunal bustad eller bidrag til husleige ved privat leige etter prisanslag).

Fredheim barnehage

Fredheim barnehage er sentrumsbarnehagen med gangavstand til biblioteket, kommunehuset, skulen og
fleirbrukshallen. Bygget inneheld to avdelingar. Stor avdeling, Grindagjengen, med plass til 30 barn i alderen 4-6 år, og Hugagløtten som er minste avdeling, med plass til 20 barn i alderen 1-3 år. Satsingsomområde er “SmartOppvekst” med tankesett som bygger gode eigenskapar, styrke og livsmeistring. I Vang er det naturleg å vera mykje ute i vår vakre natur. Fredheim barnehage har faste utedagar i veka, og turdagane går til naturskjønne områder i nærleiken av barnehagen. Søvelbua er turmål nr. 1 største delen av året. Elles er det turar for dei største barna både til Fugleberg, langs Kongevegen og til Krøsshaug.

Høre barnehage

Høre barnehage ligg flott til i naturskjønne omgjevnadar mellom fjell og skog, og er barnehagen som ligg
lengst sør i Vang kommune. Barnehagen er en to-avdelings barnehage på tilsaman 355 m², med eigen
gymsal og stort uteområde.
Høre barnehage er fordelt over 3 etasjar, med personalavdeling på toppen, storbarnsavdeling i midten, og småbarnsavdeling i kjellaren.
I Høre barnehage er personalet opptatt av at alle skal ha det bra, og at leik og læring skal vere i fokus.
Barnehagen brukar nærmiljøet sitt aktivt, og er mykje på tur i skogen ved gapahuken og i bygda.
Elles trives barnehagen godt på det store uteområdet. På kalde dagar nyttast gjerne tida i gymsalen eller
på avdelinga.

Søknadsfrist: 17.04.2022
Arbeidsgivar: Vang Kommune
Stad: Vang i Valdres
Stillingstittel: Pedagogisk leiar i barnehage – Fast stillingar og vikariat – Med rekrutteringstiltak!
Stillingar: 3
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast, Engasjement
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4499439521
Startdato: 01.08.2022

Arbeidsoppgåver

Delta aktivt i leik og aktivitetar
Ansvar for planlegging av pedagogisk opplegg
Medansvar for omsorg og pedagogisk arbeid i barnehagen, blant anna aktivitetar, samlingsstund og leik
Medansvar for at dei praktiske arbeidsoppgåvene vert gjennomført i samarbeid med øvrig personale

Kvalifikasjonar

Utdanning som barnehagelærar/førskulelærar
For engasjementet: 3-årig relevant høgskuleutdanning
Gjerne med spesialpedagogisk kompetanse og erfaring
Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som

  • er relasjonsbyggar, som er varm, raus, set borna først og ser læring i leik
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevnar
  • er opptatt av å skape gode relasjonar til barna, foreldre og kollegaer
  • er strukturert og endringsvillig

Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil verte vektlagt.

Godkjent politiattest skal leverast ved tilsetjing.

Vi tilbyr

Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med høgt fagleg fokus
Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kommunen kan hjelpe til med bustad
Vang kommune nyttar nynorsk som målform
Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor
Ved intern tilsetting kan det bli andre ledige stillingar å tilby søkjarane

 

Tyinvegen 5124, 2975 Vang i Valdres, Norge

 

Søk på stillingen her.

 

Kontaktinformasjon

Heidi Lynge Kvale, Konst.styrar Høre bhg
464 88 746
heidi.lynge.kvale@vang.kommune.no

Karin Trøen, Styrar Fredheim barnehage
61 36 94 90
Karin.Troen@vang.kommune.no

 

«Vestlandsfjell og Austlandsklima» er den slåande kombinasjonen som gjer Vangsnaturen unik. Når vangsgjeldingen i tillegg er kjent for eit godt lynne er resultatet ei fjellbygd av sjeldant godt merkje lengst vest i Valdres. I Vang finn du mykje av Jotunheimen, delar av Skarveheimen, fiskevatn, stølar, skiterreng, jaktterreng og all den plassen du kan ynskje deg av eit villmarksområde. Du finn også jordbruk, turisme og gründerar i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. Vang er sentralt på ein litt usentral måte, det er 250 kilometer til både Oslo og Bergen og noko lenger til Trondheim. Altså er du midt i smørauget sør i Noreg i ein kommune som har framtidstru og satsar på gode kommunale tenestar på alle område: Nemnast kan nyrenovert skule med fleirbrukshall og eit rikt kulturliv.

Vang kommune er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Vi gjer merksam på at søkarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det.

 

 

Del stillingen

Selskap

Vang kommune i Valdres

Kontaktinfo

  • Heidi Lynge Kvale
  • Tittel: Konst.styrar Høre bhg
  • E-Post: heidi.lynge.kvale@vang.kommune.no
  • Mobil/Tlf: 464 88 746
  • Karin Trøen Styrar
  • Tittel: Fredheim barnehage
  • E-Post: Karin.Troen@vang.kommune.no
  • Mobil/Tlf: 61 36 94 90

Lokasjon

  • Vang I Valdres

Søknadsfrist

April 17, 2022