Læring, meistring, fysikalsk medisin og rehabilitering, Helse Førde
Overlege / LIS fysikalsk medisin og rehabilitering – 2. gang utlysing
Vi søker LIS / spesialistlege i fysikalsk medisin og rehabilitering til fysikalsk medisin og rehabilitering poliklinikk (FMR pol).
Fysikalsk medisin og rehabliltering er i Helse Førde eit fagfelt i vekst og utvikling. I eiga avdeling har vi siste åra hatt fleire utviklingsprosjekt som har fått merksemd utanfor eige føretak, no i kvaltietsutvikling knytt til bruk av VR, telemedisin, m.m. I planlagt nytt sjukehusbygg er eiga avdeling dimensjonert med 8+2+2 sengeplassar. Avdelinga består av fire seksjonar. Poliklinikk for fysikalsk medisin og rehabilitering, smertepoliklinikk og Læring og Meistring er samla i ein seksjon. Dei tre andre er medisinsk heimebehandling, fysioterapi og ergoterapi. Per i dag har avdelinga 4 senger for rehabilitering i felles sengepost for nevrologi, revmatologi og rehabilitering. Både i poliklinikk, sengepost og for ambulante tenester er det tverrfagleg samarbeid med sjukepleie, fysioterapi, ergoterapi, sosionom, logoped, psykolog og nevropsykolog.
Den som vert tilsett får høve til å tilegne seg brei klinisk erfaring i samarbeid med dyktige kollegar i eit innovativt og nytenkjande arbeidsmiljø. Vi har fokus på grundige utgreiingar, heilskapleg forståing og tilnærming, bruk av velferdsteknologi og telematikk. Tilgangen på spesialisthelsetenestene tilhøyrande sjukehuset er god.
Arbeidsoppgåver
- Medisinsk fagleg rådgjevar og utdanningsansvarleg overlege (ved tilsetting av overlege)
- Til stillinga ligg ordinært klinisk pasientarbeid, individuelt og i gruppebaserte tilbod, samarbeid internt og eksternt.
- Medvirkning i fagleg utvikling
- Undervisning knytt til pasientopplæring og intern kompetanseutvikling
- Sporadisk reiseaktiviet knytt til ambulant verksemd
- Deltaking i sengepost og smertepol. må kunne påreknast
Kvalifikasjonar
- Vi søker spesialistlege med interesse for tverrfagleg samarbeid og arbeid i team, erfaring frå spesialisthelseteneste
- Relevant erfaring relatert til samansette muskel og skjelettplager, smerter, arbeidsretta rehabilitering, og tverrproffesjonelt arbeid er ynskjeleg
- Gode kommunikative og norskspråklege ferdigheiter
- Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt
- Utdanningsretning: Medisin
- Utdanninstittel: Spesialistlege fysikalsk medisin og rehabilitering / LIS
Personlege eigenskapar
- Du har engasjement for fagfeltet og ønskje om å vidareutvikle kompetansen og tilbodet.
- På jobb er du positiv, strukturert, løysingsorientert og raus
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
Vi tilbyr
- Kompetent tverrfagleg arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
- Gode løns og tilsettingsforhold Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Moglegheit for fagleg utvikling
Søknadsfrist: 17.01.2021
Oppstart stilling: 01.01.2021
Arbeidsgivar: Helse Førde
Stad: Førde
Stillingstittel: LIS/overlege fysikalsk medisin og rehabilitering – 2. gang utlysing
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4326598467
Stillingar: 1
Arbeidsstad Førde Sentralsjukehus, 6807 Førde
Kontaktinformasjon
Are Mikael Lillebø, Seksjonsleiar
(+47) 988 52 113
Hanna Froehlke-Sollie, Overlege
(+47) 578 39 163
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.