Overlege, Hud- og veneriske sjukdommar (Søknadsfrist: 13.02.2022)

 

Overlege, Hud- og veneriske sjukdommar

 

Hudavdeling, Helse Førde

Hudavdelinga i Helse Førde har ledig fast stilling som overlege i hud- og veneriske sjukdommar. Om det ikkje kjem kvalifiserte søkjarar til overlegestillinga, kan LIS3 bli mellombels tilsett.

Hudavdelinga består av 5 poliklinikkar fordelt på ulike lokalisasjonar i det geografiske området Sogn og Fjordane. Poliklinikkane er lokalisert ved Førde sentralsjukehus, Lærdal sjukehus, Nordfjord sjukehus, ISP i Sogndal og SMS i Florø. Den største poliklinikken er på Førde sentralsjukehus, og dette er hovudarbeidsstad.

Alle einingane driv lysbehandling og dei desentraliserte poliklinikkane har legedagar to dagar per månad. Avdelinga har og eigen telemedisinsk poliklinikk i Audnedal.
Avdelinga har tre overlegar, ein konstituert overlege og ein LIS3. Les meir om Helse Førde HF.

Førde som plass å arbeide og busetje seg kan du lese om her: Sunnfjord kommune

Søknadsfrist: 13.02.2022
Arbeidsgivar: Helse Førde
Stad: Førde
Stillingstittel: Overlege Hudavdeling
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4470266471

Arbeidsoppgåver

Hudavdelinga i Helse Førde har spesialisthelsetenesteansvar for innbyggjarane i det geografiske området Sogn og Fjordane innan fagområdet Hud- og veneriske sjukdommar.
Arbeidsoppgåver er til dømes utgreiing og behandling av ulike maligne og premaligne tilstandar i huda, psoriasis, eksem, allergologiske utgreiingar, sårbehandling, mindre kirurgiske inngrep mm.
Avdelinga brukar og videokonsultasjonar der dette er teneleg. Alle einingane driv lysbehandling.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Spesialist i hud- og veneriske sjukdommar med norsk godkjenning
  • Må beherske godt norsk skriftleg og munnleg
  • Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå

Personlege eigenskapar

  • Stillinga krev evne til å jobbe sjølvstendig og i tverrfaglege team
  • Må ha gode samarbeidsevner, ha positiv innstilling og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Rekrutteringstillegg for overlege
  • Legar får avtale om utvida arbeidstid ved deltaking i arbeid ved utepoliklinikkane
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tett samarbeid med dei andre legane i avdelinga og erfarne sjukepleiarar
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Hjelp til å skaffe bustad og barnehage
  • Overlege kan få støtte til husleige med inntil 10 000 per månad i 1 år.
  • Gode oppvekstvilkår for born
  • Flott natur med fjord og fjell og svært gode tilhøve for friluftsliv
  • Førde har og eit rikt tilbod innan kultur, fritidstilbod og handelsnæring

Mangfaldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

 

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Norge

 

Kontaktinformasjon

Ingvild Helgheim Hatten, Avdelingssjef
(+47) 578 39 366

Trude Lindesteg, Seksjonsleiar
(+47) 578 39 362

 

Heimeside:

https://helse-forde.no/

 

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

 

 

Del stillingen

Selskap

Helse Førde

Lenke til firma

https://helse-forde.no/

Kontaktinfo

  • Ingvild Helgheim Hatten
  • Tittel: Avdelingssjef
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: (+47) 578 39 366
  • Trude Lindesteg
  • Tittel: Seksjonsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: (+47) 578 39 362

Lokasjon

  • Førde

Søknadsfrist

Februar 13, 2022