Operasjonssjukepleiar- vi tilbyr rekrutteringstillegg (Søknadsfrist: 12.12)

 

 

Operasjonssjukepleiar- vi tilbyr rekrutteringstillegg

 

AAM Lærdal sjukehus, Helse Førde

Lærdal sjukehus er eit lokalsjukehus for Indre Sogn. Lærdal ligg inst ved Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo og Bergen, ferjefritt samband med reisetid på hhv. 4,5 og 3 timar. Her er typisk vestlandsnatur med flott turterreng i nærområdet, sommar som vinter. Vi har skule og barnehage i nærområdet og det er full barnehagedekning i kommunen. Les meir om Helse Førde HF

Avdeling for akuttmedisin ved Lærdal sjukehus søkjer operasjonssjukepleiar i 100% fast stilling snarast. Vi gjer merksam på at det i tillegg til lønn etter overeinskomst vert gitt rekrutterings-/stabiliseringstillegg på 100.000 kr pr.år i 100% stilling.

Søknadsfrist: 12.12.2021
Arbeidsgivar: Helse Førde
Stad: Lærdal
Stillingstittel: Operasjonssykepleier
Stillingar: 2
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4447562579

Arbeidsoppgåver

Operasjonssjukepleie til operasjonar innan ortopedi med hovedfokus på proteseoperasjonar
Sterilsentraloppgåver
For tida dagarbeidstid og fri kvar helg

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som sjukepleiar
Spesialutdanning innanfor operasjonssjukepleie vert kravd for spesialsjukepleiar
Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
Erfaring med ortopediske proteseoperasjonar og 1. assistanse er ein fordel

Personlege eigenskapar

Evne til å arbeide målretta med arbeidsoppgåver
Vere ein god lagspelar
Må kunne arbeide sjølvstendig
Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team, med høgt arbeidstempo
Ansvarsbevisst og rasjonell
Trives med utfordringer
Løysningsorientert

Vi tilbyr

Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Rekrutterings-/stabiliseringstillegg på kr. 100.000 per år i 100 % stilling
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Triveleg arbeidsmiljø.
Lite miljø med oversiktlege forhold
Etter ønske kan det avtalast at ein mindre del av stillinga vert lagt til operasjonsavdelinga ved FSS
Sjukehuset kan legge til rette for leige av bustad etter behov. Oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg.

Mangfoldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal

 

Kontaktinformasjon

Tom Nordstrand, Seksjonsleiar
(+47) 474 14 650

 

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

 

 

Del stillingen

Selskap

Helse Førde

Lenke til firma

https://helse-forde.no/

Kontaktinfo

  • Tom Nordstrand
  • Tittel: Seksjonsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: (+47) 474 14 650

Lokasjon

  • Lærdal

Søknadsfrist

Desember 12, 2021