Vil du vere med å drifte arbeidet med marin forsøpling i Fjordane Friluftsråd ?

Prosjektleiar el. prosjektmedarbeider Rydd Sogn og Fjordane!

 

Frist 11.12.2022 

Ansettelsesform Prosjekt

Prosjektleiar/prosjektmedarbeider Marin forsøpling.

Presentasjon av stillinga:

Fjordane Friluftsråd søkjer mellombels prosjektleiar for “Rydd Sogn og Fjordane” med kontorstad Florø. Varighet 6 mnd. Ved internt opprykk vil det vere ledig stilling som prosjektmedarbeider. Stillinga vert vurdert forlenga.

Arbeidsoppgåver;

  • Budsjettansvar med føring av prosjektrekneskap og rapportering.
  • Engasjere frivillige lag, skular og enkeltpersonar til rydding.
  • Planlegge og delta på ryddeaksjonar.
  • Koordinere ryddelaga sitt arbeid opp mot all anna aktivitet i Sogn og Fjordane saman med Prosjektleiar for Rydd Norge Vestland for Solund, Askvoll, Stad.
  • Samarbeide mot og tidvis delta på tokt med Skjergardstenesta (internt i FF).
  • Planlegge og booke tokt med større arbeidsbåt.
  • Undervisning skular, bedrifter.
  • Fylgje opp og bestille utsetting/innhenting av konteinere.
  • Fylgje opp avtalar med underleverandørar, og ha kontakt med samarbeidspartnere og videreutvikle dette.
  • Ansvarleg for tilfredsstillande rapportering.

Kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning innan miljø, renovasjon og/eller maritime fag eller tilsvarande praksis.
  • Gjerne erfaring som prosjektleiar, med gode leiareigenskapar.
  • Organisatorisk og administrativ erfaring.
  • God kompetanse i bruk av ulike digitale verktøy, databaser og kartprogram, gjerne òg i bruk av GIS-verktøy.
  • Erfaring med organisering av operasjoner i felt, helst maritime operasjonar.
  • Solid erfaring med HMS-arbeid og sikkerheit ifrå feltoperasjonar.
  • God optimaliseringskompetanse for arbeid i felt.
  • Lokal- og stadkunnskap på kysten av gamle Sogn og Fjordane vil vere å føretrekke.
  • Solid forståing av planlegging i høve vær og tilhøve på ytre kyst av Vestland.
  • Sertifikat på bil og minimum båtførarprøve og sikkerheitskurs for båtfolk (sistnemde vil evt. arrangerast som del av opplæringa).

Personlege eigenskaper:

Du må vere ryddig, positiv og påliteleg med gode kommunikasjonsevner. Du må vere sjølvstendig, løysingsorientert og initiativrik med god evne til jobbing på eigahand og med ansvar for eiga framdrift, men også i team. Erfaring med ansvar for tilsette vert vektlagt og med gode evner til motivering og bygging av eit sunt og inspirerande arbeidsmiljø i teamet du vil ha ansvar/blir del av. Vi ser etter deg som er skikka og har evne til å leie, byggje nettverk i offentleg, privat og frivillig sektor og brenn for miljøet og ein reinare kyst.

Dette er ei stilling kor du må vere uthaldande, både motivasjonsmessig og fysisk.

Vi tilbyr:

  • Ei spanande prosjektstilling med varierte oppgåver og eit sunt arbeidsmiljø på kysten av Sogn og Fjordane.
  • Du vil få ein variert arbeidskvardag på kontoret, i felt, på sjøen og i land på holmar og skjær i havgapet.
  • Dette er ei utruleg gjevande stilling kor du får vere med å drive eit prosjekt for å rydde opp i ei av vår tid sine største miljøutfordringar – nemleg marin plastforureining.
  • Den som vert tilsett må pårekne noko reiseverksemd.
  • Løn etter avtale, kommunal pensjonsordning gjennom KLP, og naudsynte forsikringar.

 

Kontaktinformasjon

Fjordane Friluftsråd

Kommunehuset

6924 Hardbakke

Bjarte Engevik/dagleg Leiar, tlf. 99487500

Arlene Vågene, styreleiar, tlf. 40239260

Arbeidsstad/kontor Fjordane Friluftsråd

Horne Brygge, 6900 Florø

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjordane Friluftsråd

Stillingsprosent: 100%

Søknadsfrist 11.12.2022

Varighet; 6 mnd, høve til forlenging.

 

Søk på stillinga her.

 

Søknadsfrist: 11.12.2022

 

Om stillinga

Stillingstittel: Prosjektleiar

Stad: Fjordane Friluftsråd

Ansettelsesform: Anna

Oppstart; Medio januar 2023, snarast råd

Heltid/deltid: Heiltid

Tal stillingar: 1

Sektor: Friluftsråd

 

Om arbeidsgiveren

Interkommunalt Friluftsråd med Askvoll, Bremanger, Kinn, Solund, Stad og Stryn som medlemskommunar. Vi er eit friluftsråd som opplev stor vekst i prosjekttilfang og som har ein veksande stab med i dag 10 stillingar. Vi arbeider med saker knytta mot friluftsliv for våre medlemskommunar, tilrettelegging, skjøtsel, statlig sikra områder og friluftsskular i tillegg til at vi drivt eit stort arbeid knytta til marin forsøpling.

 

Del stillingen

Selskap

Fjordane friluftsråd

Kontaktinfo

  • Bjarte Engevik
  • Tittel: Dagleg Leiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon 994 87 500 Mobil 994 87 500

Lokasjon

  • Hardbakke
  • Askvoll
  • Stadlandet

Søknadsfrist

Desember 11, 2022