Lærar i musikk- og kulturskulen

 

 

Me har ledig

ei fast 100% stilling som musikklærar ved musikk- og kulturskulen. Me søkjer etter ein dyktig og engasjert lærar som
kan undervise på fleire instrument. Det er ynskjeleg at du kan undervise på gitar, bass, trommer, band med meir. Det er
fint om du skriv kva instrument du kan undervise i i søknaden. Det er også ein fordel om du kan dirigere korps og kor,
og at du har kompetanse innan lyd- og lysteknikk.

Musikk og kulturskulen er organisert i kultureininga, men kommunen er i ei omstillingsfase der det vert gjort organisatoriske endringar. Dette kan medføre at delar av stillinga vil innebere undervisning ved andre einingar i tillegg. Me tilbyr mange fag til elevane våre som dans, biletkunst, samt opplæring på ei rekkke ulike instument. Det er seks lærarar ved kulturskulen, og me ser fram til å få ein ny kollega som brenn for musikk og samspel.

Vi held til i fine lokale i Aurland idrett- og samfunnshus. Frå hausten av vert det lagt opp til undervisning ved Flåm skule, så det er ynskjeleg at du har førarkort.

 

Arbeidsoppgåver

  • Individuell undervisning av elevar på ulike instrument
  • Gruppeundervisning i grunnskule og barnehage
  • Dirigering av korps/ kor
  • Teknisk ansvarleg for lyd og lys
  • Samarbeid med andre kommunale tenester og det frivillige musikklivet i Aurland
  • Samarbeid om konsertar og arrangement
  • Samarbeide for å få til eit breitt kulturskuletilbod

 

Me tilbyr

  • bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum.
  • ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad.
  • gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen.
  • gratis inngang til symjebasseng etter kl. 20.00
  • hjelp til å skaffe bustad
  • hjelp til å skaffe barnehageplass
  • hjelp til å skaffe arbeid til partnar

Sjå gjerne rekrutteringsfilmen vår ved å lime inn denne web-lenka i søkefeltet: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbI&feature=youtu.be
Sjå også informasjonsbrosjyre:  https://www.visbrosjyre.no/Aurland_kommune/MailView/

 

Kvalifikasjonar

  • Høgskuleutdanning innan musikk og undervisning, eller har relevant praksis i musikkfaget
  • Du kan undervise på fleire instrument som gitar, bass, trommer og band
  • Du kan dirigere korps/ kor
  • Du er engasjert og likar å undervise barn og unge
  • Du er erfaring og kunnskap om lyd og lysteknikk
  • Du er datakyndig
  • Det er ein fordel at du har erfaring med undervisning

 

Løns- og tilsetjingsvilkår

Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Politiattest må leggast fram.

 

Krav til språkkunnskapar

Den som blir tilsett må kunne kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform. Gode engelskkunnskapar tel positivt.

 

Generell informasjon om søknadsprosessen

Aurland kommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Det betyr at vi kun tek imot søknader gjennom vår elektroniske søkjeportal. Dersom du treng hjelp til å søkje eller har problem med pålogging kan du kontakte oss på tel 5763 2900. Dersom du er tilsett i kommunen eller tidlegare har søkt på ledig stilling hjå oss vil du allereie vere registrert som brukar i systemet. For å få tilsendt passord må du klikke «glemt passord».

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette i elektronisk søknadsskjema og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.

Me ynskjer deg velkomen som søkjar til stilling i Aurland kommune.

 

Søk

  • Søknadsfrist: 21.05.23
  • Utlyst: 27.04.23
  • Vår ref: 906

 

 

Søk her

 

 

Fakta

  • Selskap: Aurland kommune
  • Stilling: Musikk- og kulturskulelærar
  • Stillingstype: Fast dagtid
  • Lokasjon: Kultur

 

Kontakter

Navn: Monica Hille
Tittel: Tenesteleiar Kultur
E-post: [email protected]
Mobil: 91541178

 

 

Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing. På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.

Del stillingen

Selskap

Aurland kommune

Kontaktinfo

  • Monica Hille
  • Tittel: Tenesteleiar Kultur
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: Mobil 91 54 11 78

Lokasjon

  • Aurland

Søknadsfrist

Mai 21, 2023