Årdal kommune: #meirenndutrur #ardalkommune #mittårdal og mykje meir.

Når du kjem inn fjorden og trur du snart ikkje kan komma lengre, der finn du Årdal kommune, teknologibygda med urørt natur og kort veg til nasjonalparken Jotunheimen.

Årdal kommune kan smykka seg med å vera vertskap for fleire populære festivalar, både musikk og friluftlivretta, som trekker til seg folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune.

Kommunen har 6 barnehagar, 2 skular, 1 vidaregåande skule. Vi har og bedriftshytte for tilsette og kan yte lån/tilskot til tilsette som skaffar seg eige husvære i kommunen. Meir informasjon om kommunen på heimesida vår www.ardal.kommune.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram.

Alle er hjarteleg velkomne til oss!

 

Miljø og VAR-leiar

 

Me har ledig

100 % stilling som miljø- og VAR leiar (vatn, avløp og renovasjon) ved Tekniske tenester.
Stillinga rapporterer til kommunalsjef for teknisk, plan og miljø og er ein del av leiargruppa ved teknisk.

Arbeidsoppgåver

  • Fag, drift og vedlikehaldsansvar for vatn, avløp og renovasjon, inklusivt tekniske anlegg og bygg i området.
  • I tillegg ynskjer Årdal kommune å ta posisjon som ein av landet sine fremste miljøkommunar. Til dette arbeidet treng me ein leiar med miljøfokus. Mellom anna skal det arbeidast med ladestasjonar for EL- bilar, utnytting av spillvarme frå industrien, forureining og førebygging når det gjeld skred og flaum.
  • Leiar vil ha budsjett og personalansvar.
  • Leiar vil få ansvar for prosjektering og gjennomføring av ulike prosjekt innanfor fagormråda.

Kvalifikasjonskrav

Utdanning som ingeniør eller anna relevant teknisk høgskuleutdanning innafor fagområda.

Personlege eigenskapar

Me ynskjer ein leiar som er utadvendt, resultat- og utviklingsorientert, strukturert, sjølvstendig men samtidig ha gode samarbeid- og kommunikasjonsevner.

Løn og tilsettingsvilkår

  • Løn etter avtale.
  • 2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
  • Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.

Me tilbyr

  • Spennande og varierte abeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde.
  • Kollega med god fagleg kompetanse, godt arbeidsmiljø.
  • Offentleg sektor har gode pensjons- og forsikringsordningar.

Søknadsprosedyre

Gå til ledige stillingar på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no

Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk «gløymt passord».

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlogging tek du kontakt med Personalstaben på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.

Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ynskjer namnet ditt unnateke frå offentlegheit, må det grunngjevast. Det vert da gjort ei vurdering.

 

Søknadsfrist 21.06.21

 

Vår ref1159
Merk søknad

Fakta

Selskap Årdal kommune
Stilling Leiar
Stillingstype  Fast Heiltid
Lokasjon Tekniske tenester

 

Kontakter

Bjørn Indrebø
[email protected]
Mobil  958 91 730

Stig Stark-Johansen
Kommunedirektør
[email protected]
Arbeid92414887

 

 

Del stillingen

Selskap

Årdal kommune

Kontaktinfo

  • Stig Stark-Johansen
  • Tittel: Kommunedirektør
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: Arbeid 924 14 887

Lokasjon

  • Årdalstangen

Søknadsfrist

Juni 21, 2021