Lege i spesialisering innan patologi – 2. gangs utlysing

 

Avdeling for patologi, Helse Førde
Er du motivert for spennande oppgåver innan diagnostikk og eit fag i rask utvikling?

Avdeling for patologi på Førde sentralsjukehus har to ledige stillingar for Lege i spesialisering. Tiltreding etter nærare avtale, ønska oppstart i perioden februar til juni 2021.

Patologi er ei kjerneverksemd innan diagnostikk av kreft og andre sjukdommar. Vi utfører kvart år omlag 13 000 undersøkingar, og vår diagnostikk omfattar heile spekteret frå klassiske mikroskopteknikkar til molekylære analysar, samt obduksjonar. Vi har no fem overlegestillingar og ein LIS stilling, og skal utvide til to LIS i 2021. Avdelinga er framtidsretta og brukar allereie digital patologi i rutinediagnostikk. Vi er i ein utviklingsprosess der større delar av aktiviteten vert modernisert og digitalisert. I avdelinga legg vi vekt på trivsel og godt arbeidsmiljø i ein hektisk kvardag.

Vi søkjer ansvarsbevisst person med interesse for patologifaget som har evne til å arbeide godt i team, tileigne seg kunnskap og arbeider nøyaktig og effektivt. Stillinga legg opp til eit utdanningsløp med hoveddel av LIS-utdanning ved Førde sentralsjukehus og tilleggsutdannning i Helse Bergen.

Tiltreding stilling føreset at LIS1 teneste er gjennomført.

Arbeidsoppgåver

  • LIS får delta i diagnostisk arbeid med makroskopisk og mikroskopisk vurdering av histologisk og cytologiske prøvar, og obduksjonar.
  • Ved bruk av digital patologi er det mogleg å utføre delar av arbeidet frå distanse med fjerndiagnostikk.
  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Arbeidstid er mandag til fredag 0800-1600. Ved behov kan fleksibel arbeidstid tilretteleggast.

Kvalifikasjonar

  • LIS lege skal ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetjing i LIS-stilling i patologi
  • Patologifaget krev solid kunnskap innan dei medisinske basisfaga anatomi, histologi, fysiologi, biokjemi og molekylærbiologi
  • Erfaring frå klinisk verksemnd kan vere nyttig
  • Det blir lagt vekt på erfaring frå patologifaget og relevant forskarerfaring
  • Den som blir tilsett må kunne kommunisere godt på norsk eller skandinavisk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Stillinga passar for ein lege med mål om å utvikle høg fagleg kompetanse i patologifaget
  • Gode samarbeidsevner
  • Vilje til å tileigne seg teoretisk og praktisk kunnskap
  • Evne til å arbeide ansvarleg, nøyaktig og effektivt

Vi tilbyr

  • Personleg rettleiing og individuelt tilpassa utdanningsprogram
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Moglegheit for individuelt tilpassa arbeidstid
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fagleg og personleg utvikling

 

Søknadsfrist: 21.01.2021

 

Arbeidsgivar: Helse Førde

Stad: Førde

Stillingstittel: Leger i spesialisering i patologi – 2. gangs utlysing

Heiltid / Deltid: Heiltid

Tilsetjingsform: Fast

Stillingsprosent: 100

Webcruiter-ID: 4328467073

Stillingar: 2

Arbeidsstad Førde sentralsjukehus, Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

 

Kontaktinformasjon

Tonje Bøyum Riste, Avdelingssjef
(+47) 918 06 787

 

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.

 

 

Del stillingen

Selskap

Helse Førde

Lenke til firma

https://helse-forde.no/

Kontaktinfo

  • Tonje Bøyum Riste
  • Tittel: Avdelingssjef
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: (+47) 918 06 787

Lokasjon

  • Førde

Søknadsfrist

Januar 21, 2021