Landbruksmaskinmekanikar

 

MOY – Driftseiningar, Vestland fylkeskommune

Mo og Øyrane vidaregåande skule og Hafstad vidaregåande skule ligg i Førde i Sunnfjord. Dei to skulane er i ein samanslåingsprosess til det som blir den nye Førde vidaregåande skule med nybygg på Øyrane. Skulane er i dag geografisk tredelt, Mo som ligg 11 km frå Førde sentrum, og Øyrane og Hafstad som er plassert i Førde sentrum. Til saman har skulane om lag 220 tilsette og 1000 elevar. Skulane tilbyr desse utdanningsprogramma: Bygg- og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Sal, service og reiseliv, Helse- og oppvekstfag, Restaurant- og matfag, Teknologi og industrielle fag, Naturbruk, Studiespesialisering, Kunst, design og arkitektur og Medium og kommunikasjon. I tillegg har skulane pedagogisk ansvar ved sosiale og medisinske institusjonar i Førde, vaksenopplæring og ulike kurs. Skulestad Mo har internat med plass til 80 elevar og vil bestå som skulestad etter at den nye skulen i Førde står ferdig i 2023.
Skulegardsbruket på Mo driv produksjon av mjølk og storfekjøt, egg, svin, sau, grønsaker og potet. Garden har 420 da dyrka mark.

For meir informasjon gå til skulane sine heimesider: http://www.moy.vgs.no/ http://www.hafstad.vgs.no/

Det er ledig 100% fast stilling som landbruksmaskinmekanikar med snarleg tiltredning ved skulegardsbruket på Mo. Stillinga vil i hovudsak innebere å vedlikehalde og reparere landbruksmaskiner og tekniske innretningar i husdyravdelinga, men vil og kunne innebere reparasjon og vedlikehald av anleggsmaskiner i bruk på vg2 anleggsteknikk. Det må og påreknast noko arbeid ute på garden i form av køyring med traktor og landbruksreiskap/maskiner i travle delar av året.
Den som blir tilsett vil arbeide i heilt nytt verkstadbygg (ferdig februar 23) med store verkstadhallar og gode fasilitetar.

Søknadsfrist: 17.11.2022
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Førde
Stillingstittel: Landbruksmaskinmekanikar
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4581483371
Startdato: 02.01.2023

Arbeidsoppgåver

– Vedlikehald, service og reparasjonar av maskiner, reiskapar og traktorar ved skulegardsbruket.
– Reparasjonar av tekniske innretningar ved behov i husdyravdeling og ellers på skulegardsbruket.
– Delta med traktor og landbruksmaskin (t.d. rundballepressing, slått, gylling o.l.) i travle sesongar på skulegarden.
– Vedlikehald, service og reparasjonar av maskiner som er i bruk på vg2 anleggsteknikk.
– Samarbeide tett med driftsleiarar på skulegardsbruket og andre tilsette på garden, samt undervisningspersonale og elevar.

Kvalifikasjonar

– Fagbrev som landbruksmaskinmekanikar
– Traktorsertifikat
– Bilsertifikat
– Praktisk røynsle frå landbruket, evt. også med anleggsmaskiner, er ein fordel.
– Trucksertifikat (kan ordnast på skulen).

Personlege eigenskapar

– Søkjar til stillinga må ha gode samarbeidsevne då ein må samarbeide tett med undervisningspersonalet, driftsleiarar og dei andre tilsette på skulegarden om aktuelle arbeidsoppgåver.
– Søkjar må ha evna til å kommunisere med og ha god relasjon med elevar.
– Ein må ein vere løysingsorient, ha evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert.

Vi tilbyr

– Løn etter gjeldande regulativ

– Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår

– Hjelp til å skaffe bustad og flytteutgifter vert dekka etter gjeldande reglar

– Gode pensjons- og forsikringsvilkår

– 6 månaders prøvetid

Den som blir tilsett må legge fram godkjent politattest, jfr. Opplæringslova §10-9.

Kontaktperson: Ingjerd Vetti, avdelingsleiar naturbruk:

e-post: Ingjerd.Hogseth.Vetti@vlfk.no tlf: 57 63 71 70

Søknad med fullstendig CV skal sendast elektronisk via link på www.vlfk.no under Ledige stillingar. Vitnemål og attestar skal leggast fram ved eventuelt intervju. Det blir teke atterhald om at overtalige ved andre skular kan ha rett til utlyst stilling.

Vi gjer merksam på at i følgje Offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søk på stillingen her.

 

Movegen 30, 6819 Førde, Norge

Kontaktinformasjon

Ingjerd Høgseth Vetti, avdelingsleiar
57 63 71 70
ingjerd.hogseth.vetti@vlfk.no

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

 

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Ingjerd Høgseth Vetti
  • Tittel: Avdelingsleiar
  • E-Post: ingjerd.hogseth.vetti@vlfk.no
  • Mobil/Tlf: 57 63 71 70

Lokasjon

  • Bergen

Søknadsfrist

November 17, 2022