Ledig 100% fast stilling som lærar

 

ARD – ÅRDAL VGS, Vestland fylkeskommune

Om stillinga

Årdal vidaregåande skule har 40 tilsette og om lag 160 elevar. Skulen har totalt 10 klassar med tilbod innan studiespesialisering, industriteknologi, kjemiprosess- og laboratoriefaget, elektro og datateknologi og automatisering. Skulen er lokalisert i Øvre Årdal. Vi legg vekt på å skape gode læringsmiljø for elevane og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.

Ved skulen er føljande stilling ledig frå 07.12.2023:

100 % fast stilling som lærar i faga kroppsøving, samfunnsfag og geografi ved Årdal vidaregåande skule.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 24.09.2023
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Ledig 100% fast stilling som lærar
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4705528205

Arbeidsoppgåver

Planlegging og gjennomføring av undervisning
Vurderingsarbeid
Vere ein bidragsytar i tverrfagleg samarbeid og klasseteam.
Til stillinga må du som søkjar vere førebudd på å vere kontaktlærar.
Stillinga vil vere retta mot undervisning på studiespesialiserande programområde og fellesfaga på yrkesfaglege programområder.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer ein person med relevant utdanning og erfaring innan undervisning i minst to av faga: kroppsøving, samfunnsfag og geografi. Det kan vere ein fordel med undervisningskompetanse i psykologi, men dette vil ikkje vere aktuelt før skuleåret 2024/2025.

Vi søkjer ein person med relevant utdanning frå høgskule/universitetsnivå, samt pedagogisk kompetanse.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein person som:

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonevner
  • er engasjert og posititv – med ønskje om å formidle kunnskap og bidra til eit godt læringsmiljø
  • har eit positivt elevsyn
  • er utviklingsorientert og kvalitetsbevisst både fagleg og personleg
  • er tilpassingsdyktig

Vi tilbyr

  • Positivt arbeidsmiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Den som vert tilsett må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2.ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

 

Søk på stillingen her.

 

Geir Kjetil Øvstetun, rektor
Telefon:  906 94 334

 

Om arbeidsgivarenVestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

 

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Geir Kjetil Øvstetun
  • Tittel: Rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon: 906 94 334

Lokasjon

  • Årdalstangen

Søknadsfrist

September 24, 2023