Lærar Automatisering

 

Arbeidsgiver Vestland fylkeskommune

Stillingstittel Lærar Automatisering

Frist 20.02.2023

Ansettelsesform Vikariat

Laksevåg og Bergen maritime vgs har 70 tilsette og omlag 430 elevar. Skulen har totalt 27 klasser med tilbod innan bygg- og anleggsteknikk, elektro- og datateknologi, elektro- og datateknologi med spesiell studiekompetanse og teknologi- og industrifag. Innanfor elektrofag og datateknikk tilbyr skulen Elenergi og ekom, Elenergi og ekom med spesiell studiekompetanse, Automatisering og Maritim elektrikar. Skulen er lokalisert i Bergen sentrum.

Ved skulen er følgjande stilling ledig frå 1. august 2023:

  • 100% vikariat som faglærar i Automatiseringsfag.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i Automatiseringsfag.

Kvalifikasjonar

  • Bakgrunn fra Automatiseringsfaget eller annan relevant erfaring.
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jf opplæringslova.

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Gode samarbeidsevner
  • Strukturert
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Liker å arbeide med ungdom

Ved tilsetjing vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk.

Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skule.

 

Sted: Vestre Strømkaien 19, 5008 Bergen

 

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson

Roald Meidell, avdelingsleiar

Telefon  916 38 193

 

Om arbeidsgiveren

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

 

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Roald Meidell
  • Tittel: Avdelingsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon 916 38 193

Lokasjon

  • Bergen

Søknadsfrist

Februar 20, 2023