Vike Montessoriskule, Vikebukt

Undervisningsstillingar – Vike Montessoriskule

 

LEDIG 70-100% LÆRARSTILLING TEIKNSPRÅK 

Vike Montessoriskule er ein privat barneskule på Vikebukt i Vestnes kommune. 
Vi har pr. i dag 69 elevar frå 1.-7.klasse.  

Frå 01.08.21 har vi ei ledig 70-100% lærarstilling, med tilleggskompetanse i teiknspråk. Oppmodar også søkarar utan teiknspråkkompetanse, men som ønsker å starte utdanning frå august. Søknadsfrist til teiknspråkutdanning deltid ved NTNU i Trondheim er 1.mars.  

Ein del av stillinga kan om mogleg tiltreast før, med tanke på god overgang frå barnehagen for eleven det gjeld.  Vi har eit godt samarbeid med Vestnes kommune. 

Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Lønns- og arbeidsvilkår etter tariff.  

Om du tenker at dette kan vere noko for deg, vil vi gjerne sjå ein søknad ifrå deg!   

 

Søknadsfrist: 01.02.21. 

 

———————————————————————————————————————–  

 

LEDIG FAGARBEIDAR/ASSISTENTSTILLING 50% TEIKNSPRÅK 

Frå 01.08.21 har vi ledig ei 50% fagarbeidar/assistentstilling, med tilleggskompetanse i teiknspråk. Stillinga kan om mogleg tiltreast før, med tanke på god overgang frå barnehagen for eleven det gjeld. Vi har eit godt samarbeid med Vestnes kommune. 

Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Lønns- og arbeidsvilkår etter tariff.  

Om du tenker at dette kan vere ein spennande arbeidsstad, vil vi gjerne sjå ein søknad ifrå deg! 

 

Søknadsfrist: 01.02.21. 

 

For meir informasjon om skulen, sjå heimesida vår 
eller ta kontakt med rektor Siv Elin Sæther.  Tlf.: 711 80 597/905 92 490 –
E-post: [email protected]  

Adr.: Vike Montessoriskule, Gjermundnesvegen 77,  6392 Vikebukt. 

Skriftleg søknad med CV skal sendast pr. mail/brev. 

 

Søknadsfrist: 01.02.2021

 

Send søknad til:  [email protected]

Sted: Vikebukt

Ansettelsesform: Fast

Heltid/deltid: Heltid

Antall stillinger: 2

Sektor: Privat

Oppstart: Etter avtale

 

Kontaktperson:

Siv Elin Sæther, Rektor
Telefon:  905 92 490

Arbeidsgiver:  Vike Montessoriskule

Adresse: Gjermundnesvegen 77, 6392 Vikebukt

 

Vike Montessoriskule er godkjent for 70 elevplassar, og har i år 69 elevar frå 1.-7.klasse. Vi arbeider etter Maria Montessori sine prinsipp, og tilpassar metodar og organisering til vår skule og våre elevar. Dei vaksne arbeider med stort engasjement, og gjer sitt beste for læring, utvikling og trivsel for alle elevane. Vi legg vinn på eit godt samarbeid med heimane, dette er viktig for at barnet skal ha det trygt og utvikle seg godt. Vi er stolte av skulen vår, og tek gjerne imot besøk om nokon vil inn og sjå.

Du kan lese meir her

 

Del stillingen

Selskap

Vike montessoriskule

Kontaktinfo

  • Siv Elin Sæther
  • Tittel: Rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon: 905 92 490

Lokasjon

  • Vestnes

Søknadsfrist

Februar 1, 2021