Labingeniør innen elkraft/automasjon/robotteknologi

 

 

 

Har du lyst på ein spennande jobb? Har du lyst å verte vår nye lab-ingeniør?
Med over 1700 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 170 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø. Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse.
Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar. Vi legg stor vekt på å utnytte det digitale framtidsrommet.
Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.
Laboratoriet er under oppbygging der satsinga no vil verte på automasjon, robotikk og elkraft.
Fagskulen Vestland avdeling Nordnes Vestlandet, søkjer etter laboratorieingeniør for studieretningane elkraft, automasjon og robotikk. Det er fordel med allsidig praksis innan eit eller fleire av fagområda elektriske maskiner, elektriske installasjonar, elektroteknikk, industri 4.0, robotikk, automasjon, avanserte sensorar og moderne nettverk.

 

  • Søknadsfrist: 11.10.2023
  • Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
  • Stillingstittel: Labingeniør innen elkraft/automasjon/robotteknologi
  • Stillingar: 1
  • Heiltid/Deltid: Heiltid
  • Tilsetjingsform: Fast
  • Stillingsprosent: 100
  • Webcruiter-ID: 4709208194

 

  • ansvarleg for planlegging, gjennomføring og oppfølging av laboratorieøving
  • gi studentar praktisk bistand til hovudprosjekt og annet prosjektarbeid
  • delta i utvikling av laboratoria og nye laboratorieøvingar
  • ta del i innkjøp, installasjon, drift og vedlikehald av utstyr
  • samarbeide med fagleg tilsette ved Fagskulen
  • samarbeid med næringsliv i regionen
  • medverke til utvikling av eit kvalitetssystem for bruk av laboratoria til utdanning, FoU og innovasjon
  • rettleie studentar og andre brukarar av utstyret
  • tett samarbeid med ein annan labingeniør ved elektroavdelinga på Nordnes.

 

  • Kunne arbeidet tverrfagleg og vere kreativ og fleksibel
  • Erfaring i bruk av måleinstrument og målemetodar.
  • Evne og interesse for å sette seg inn i nye fagområde.
  • God serviceinnstilling og gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Utviklingsorientert og evne til sjølvstendig arbeid
  • Utdanning på høgskulenivå

 

Ta kontakt med studieprogramansvarleg for automasjon/robotteknologi, Bjørnar Seim, på bjornar.seim@vlfk.no eller telefonnummer 91778989, eller studieprogramansvarleg for elkraft, Arild Sæbø, på arild.sebo@vlfk.no eller telefonnummer 93249553, for meir informasjon om stillinga.

 

  • Løn i hennhold til gjeldande tarfifavtale
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Etter- og vidareutdanning

 

Søk her

 

 

Kontaktinformasjon

Suman Mishra
avdelingsleiar

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Suman Mishra
  • Tittel: avdelingsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf:

Lokasjon

  • Bergen

Søknadsfrist

Oktober 11, 2023