Kyrkjeverje/dagleg leiar i Haram kyrkjelege fellesråd frå 01.08.23

 

 

 

Vi søker Kyrkjeverje/dagleg leiar i Haram kyrkjelege fellesråd frå 01.08.23

Stortinget har bestemt at noverande Ålesund kommune blir delt i Haram kommune og Ålesund nye kommune, frå 01.01.24. Etter gjeldande kyrkjeordning skal begge dei nye kommunane ha sitt eige kyrkjelege fellesråd. Det nye fellesrådet i Haram skal vere konstituert seinast 30.11.23.

I Haram er det 5 sokn med 6 kyrkjer og 9 gravplassar. Kommunen ligg ved kysten og inkluderer 4 øyar; Lepsøy, Haramsøy, Longva og Fjørtoft, som no er landfaste gjennom Nordøyvegen. Kyrkjekontoret er i Brattvåg, 4 mil frå forretningsområdet Spjelkavik/Moa i Ålesund kommune.

Den nye kyrkjeverja i Haram blir tilsett i 100% fast stilling frå 01.08.23 og fungerer fram til 01.01.24 som prosjektleiar for oppdelinga av noverande Ålesund fellesrådsområde. I samband med oppdelinga er det viktig med ein leiar som er samlande og kontaktskapande.

Vi søker difor etter ein person som kan:
Vere verksemda sin daglege leiar i ei spanande tid for organisasjonen

  • Styrke kontakten med kommunen og andre samfunnsaktørar
  • Vere verksemda sin daglege leiar i ei spanande tid for organisasjonen
  • Vere ein dyktig arbeidsgjevar som bidrar til å skape ein felles organisasjonskultur
  • Vere ein god forvaltar av kyrkjeleg økonomi og eigedom
  • Legge til rette for god gravferdsforvaltning for alle innbyggarar i kommunen

Vi ønsker søkjarar med følgjande kvalifikasjonar og eigenskaper:
Utdanning frå høgskule/universitet

  • Leiarerfaring frå kyrkjeleg arbeid, offentleg forvaltning, organisasjonsarbeid eller næringsliv
  • Gode leiareigenskapar
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Evne til samarbeid, strategisk leiing og god til å motivere medarbeidarar
  • Kreativ, med evne til nyskaping og samspel
  • Gode kunnskapar og erfaring innan forvaltning av personell, økonomi og bygg/anlegg
  • God kjennskap til kyrkjeleg verksemd
  • Erfaring frå endringsleiing, plan- og utgreiingsarbeid
  • Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne Personleg eigna til stillinga

Det er viktig at søkjarar har kjennskap til organiseringa og strukturen til Den norske kyrkje. Kyrkjeverja må vere medlem av Den norske kyrkje. Administrasjonsspråket i Haram er nynorsk.

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale
  • Pensjons- og forsikringsordning i KLP
  • IA-bedrift og bedriftshelseteneste
  • Ein spanande leiarjobb i et kreativt og tverrfaglig miljø

Opplysningar om stillinga kan du få ved å kontakte kyrkjeverje i Ålesund, Andrea Hunger, tlf 47830069 eller leiar i Haram kyrkjelege fellesrådsutval, Edvard Orvik, tlf 99547940

Søknad skal sendast elektronisk til www.kirkejobb.no
Søknadsfrist 08.05.23

 

 

Kontaktinformasjon

Andrea Hunger, Kyrkjeverge, 47830069
Edvard Orvik, Leiar i Haramkykjelege fellesrådsutval, 99547940

 

Arbeidssted

  • Langelandsvegen 17
  • 6010 Ålesund
  • Arbeidsgiver: Ålesund kyrkjelege fellesråd
  • Referansenr.: 4640112283
  • Stillingsprosent: 100%
  • Fast
  • Søknadsfrist: 08.05.2023

 

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver: Ålesund kyrkjelege fellesråd
Adresse: Langelandsvegen 17, 6010 Ålesund
Hjemmeside: http://www.kirken.no

Etter kommunesamanslåing frå 1.1.2020 har Ålesund 65 000 innbyggarar. Ålesund kyrkjelege fellesråd har arbeidsgivaransvar for meir enn 70 tilsette i sokna, på kyrkjegardane og i fellesrådets administrasjon. Fellesrådet har forvaltningsansvar for 16 kyrkjer og 24 kyrkjegarder, i tillegg til eit krematorium, gravkapell og ei rekke driftsbygningar. Drifts- og investeringsbudsjettet i 2020 er på over 90 millionar kroner.

 

Om stillingen

  • Stillingstittel: Kyrkjeverje/dagleg leiar i Haram kyrkjelege fellesråd frå 01.08.23
  • Antall stillinger: 1
  • Ansettelsesform: Fast
  • Prosent: 100 %
  • Heltid/deltid: Heltid
  • Sektor: Offentlig

 

 

Søk på jobben

 

 

Søknadsfrist: 08.05.2023

 

Om Arbeidsgivaren:

Haram kommune vil pr 01.01.24 ha ca 9500 innbyggarar. Haram kyrkjelege fellesråd hadde i 2019, året før samanslåinga med Ålesund, arbeidsgivaransvar for 18 fast tilsette med til saman litt over 9 årsverk.

Årsverka var fordelte slik:
Kyrkjeleg administrasjon 150%: Kyrkjeverje 100%, Ass kyrkjeverje 50%.
Kyrkje 603%: Kateket 80%, Diakon 100%, Trusopplærar 100%, 2 Organistar 150%,
9 Kyrkjetenarar/Reinhaldarar 173%
Gravstad 150%: Gravar 100%, Gravstadskonsulent 50%
I tillegg til dei faste stillingane kom klippehjelparar i sommarsesongen.
Driftsbudsjettet var i 2019 på ca 10 mill kr. Haram kommune utførte graving på fastlandet, lønnsutbetaling, budsjett og rekneskapsføring som tenesteyting for fellesrådet. I tillegg tok kommunen opp alle lån for fellesrådet og betalte renter og avdrag. Denne tenesteytinga frå kommunen kom ikkje fram i fellesrådet sitt driftsbudsjett/rekneskap.
Det er ikkje enno ikkje teke stilling til korleis organisasjonsplanen for Haram kyrkjelege fellesrådsområde skal sjå ut frå 01.01.24. Det er heller ikkje teke stilling til på kva område ein ev. skal ha samarbeid med eller kjøp av tenester frå Ålesund kyrkjelege fellesråd frå 01.01.24.

Del stillingen

Selskap

Ålesund kyrkjelege fellesråd

Kontaktinfo

  • Andrea Hunger
  • Tittel: Kyrkjeverge
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 47830069

Lokasjon

  • Ålesund

Søknadsfrist

Mai 8, 2023