Kyrkjeverje i Fjaler sokn (Fjaler kyrkjelege fellesråd)

 

Fjaler sokn (Fjaler kyrkjelege fellesråd)

Om stillinga

Er du Fjaler sin nye kyrkjeverje? 100% stilling blir ledig når du er klar hausten 2023.

Vi søkjer ein person som har evne og vilje til å setje seg inn i det varierte arbeidet som ligg til kyrkjeverjestillinga i ein liten organisasjon. I kommunen er det eitt sokn.
Kyrkjeverja er, saman med soknepresten, dei tilsette og soknerådet, sentral i utviklinga av Den norske kyrkja i lokalsamfunnet.

Fjaler kommune ligg ved Dalsfjorden, har om lag 2900 innbyggarar og utgjer ein del av HAFS-regionen i Vestland fylke. Vi har mange varierte og godt organiserte fritidstilbod innan kultur og idrett, gode skular og andre offentlege tilbod. Sjå Fjaler kommune si heimeside.

United World College, Jakob Sande-senteret og Nordisk kunstnarsenter Dalsåsen tilfører oss både nasjonale og internasjonale impulsar, og gjer fjalerfolk trygge på å ta imot nye innbyggarar i eit ope samfunn omgitt av fjord og fjell.

Kommunen har ein flott og variert natur, med gode tilhøve for friluftsliv både på fjord og fjell. Eiga lysløype og kort veg til lysløypa på Bringeland. Næraste flyplass er Førde lufthamn Bringeland, 30 minutt med bil frå Dale. Næraste byen er Førde, 45 min frå Dale. Sør til Bergen tek det 3,5 timar med bil inkl. ferje over Sognefjorden. Til Bergen kan ein også ta hurtigbåt frå Askvoll og Rysjedalsvika.

Fjaler sokn har kontor i Dalehuset ved Dale kyrkje. Her finn ein kyrkjeverje, prest, kantor og sekretær. Vi har to kyrkjer som er viktige kulturbygg i kommunen, samt nokre fleire gudstenestestader. I kommunen er det fire gravplassar.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 20.08.2023
Arbeidsgivar: Fjaler sokn (Fjaler kyrkjelege fellesråd)
Stad: DALE I SUNNFJORD
Stillingstittel: Kyrkjeverje i Fjaler sokn (Fjaler kyrkjelege fellesråd)
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4673951014

Arbeidsoppgåver

Dagleg leiar for soknet si verksemd – øvste administrative leiar
Arbeidsgjevaransvar og personalleiing for dei tilsette i soknet
Sekretær for sokneråd og utval med ansvar for planarbeid, saksutgreiing og oppfølging av saker
Kan måtte steppe inn med praktiske gjeremål ute i «feltet»
Oppretthalde eit godt samarbeid med prost, kommune og andre samarbeidspartnarar

Ansvar for

kyrkjekontor, utstyr, programvare, arkiv
HMT-arbeid
økonomi, budsjett, tilvising, rekneskap, årsrapport
drift og vedlikehald av kyrkjebygg og gravplassar
gravplassforvaltninga i kommunen

Kvalifikasjonar

Ønska bakgrunn og erfaring

Kunnskap om Den norske kyrkja som organisasjon
Relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå gjerne med administrasjon, økonomi og leiing i fagkrinsen.
Leiarerfaring og annan realkompetanse kan eventuelt kompensere for manglande formell utdanning
God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
Gode IKT-kunnskapar
Kjennskap til offentleg forvaltning
Erfaring med økonomiarbeid
Erfaring som leiar med personalansvar

Personlege eigenskapar

God innsikt, interesse og engasjement for kyrkja sin plass og verdi i lokalsamfunnet
Oppteken av nyskaping, utviklingsarbeid, og inkludering av friviljuge
Engasjert, fleksibel, strukturert og resultatorientert
Gode leiareigenskapar
Gode evner til kommunikasjon og samarbeid
Lagbyggar som skaper relasjonar – internt og eksternt
Kunne møte utfordringar

Vi tilbyr

Ei interessant og utfordrande leiarstilling
Eit erfarent og godt kollegium på kyrkjekontoret
Kollegafellesskap med andre kyrkjeverjer i prostiet og i bispedømet
Tilsetjing og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtalar innan KA sitt tariffområde
Løn etter avtale
Pensjonsordning og forsikring i KLP
Arbeidsrettleiing og kurs for kyrkjeverjer

Anna

Kyrkjeverja må

  • vere medlem i Den norske kyrkja
  • ha førarkort klasse B og bør disponere eigen bil
  • pårekna noko møteverksemd på ettermiddags-/kveldstid
  • kunne legge fram politiattest av nyare dato.

 

Søk på stillinga her.

 

Adresse:Dalsvegen 105 A, 6963 DALE I SUNNFJORD, Norge

Kontaktinformasjon

Irene Fløde, Kyrkjeverje
Telefon:  992 38 420

Trude G. Høgseth Felde, Leiar i soknerådet
Telefon:  992 84 351

 

Del stillingen

Selskap

Fjaler sokn

Kontaktinfo

  • Irene Fløde
  • Tittel: Kyrkjeverje
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 992 38 420
  • Trude G. Høgseth Felde
  • Tittel: Leiar i soknerådet
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 99284351

Lokasjon

  • Dale I Sunnfjord
  • Abelvær

Søknadsfrist

August 20, 2023