Kultur og ungdom

Eininga for Kultur og ungdom har ledig stilling som

Produsent

 

Eininga for kultur og ungdom er ei mangfoldig og spanande eining som blant anna produserer kulturarrangement i heile Sunnfjord kommune. Kontorstad er på Førdehuset, men arbeidsoppgåver vil vere tilknytta arrangement i heile kommunen.

Sunnfjord er ein kommune i Vestland fylke som vart oppretta 1. januar 2020 ved at kommunane Førde, Jølster, Gaular og Naustdal vart slått saman. Det bur om lag 22 000 personar i kommunen.

Vi har ledige stillingar som:

  • produsent 100 % fast stilling

Omtale av stillinga som produsent

  • Dine arbeidsoppgåver vert å produsere kulturarrangement i heile Sunnfjord kommune.
  • Du vil få ansvar for produksjon av kulturarrangement i heile Sunnfjord kommune, samt oppgåver innan økonomi og administrasjon.
  • Du vil rapportere til kulturleiar.

Krav til søkar

  • relevant høgskuleutdanning og erfaring frå eit eller fleire av områda kulturarrangement, økonomi og administrasjon
  • vilje og evne til å vere med å utvikle tilbod og til å lære nye arbeidsoppgåver
  • gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner muntleg og skriftleg
  • god til å jobbe sjølvstendig
  • løysingsorientert
  • førarkort klasse B
  • Søkarar med mykje realkompetanse kan bli vurdert utan å stette kravet om høgskuleutdanning.

Vi søker deg som:

  • er engasjert i kultur og brenn for å gje publikum gode opplevingar
  • er ryddig og tek ansvar
  • kan planlegge og gjennomføre prosjekt og arrangement, inkludert økonomistyring
  • er kreativ og ser mogelegheiter
  • har god gjennomføringsevne
  • likar å jobbe i team
  • er raus og ynskjer bidra i kollegiet med ditt gode humør

 

Om du har spørsmål til stillinga kan du ta kontakt med Kulturleiar Johan Bengtson, tlf. 971 21 400 eller e-post bengt.johan.bengtsson@sunnfjord.kommune.no

eller kommunalsjef for Kultur og idrett Hilde Bjørkum, tlf. 909 19 933 eller på e-post hilde.bjorkum@sunnfjord.kommune.no

Du må søke elektronisk!

Velkomen som søkar!

Referansenr:
20/9613

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Varierande arbeidstid

 

Søknadsfrist: 07.08.2020

 

Tiltreding: 01.09.2020

Arbeidsstad: Førdehuset

 

Kontaktpersonar:

Bengt Johan Bengtsson tlf: +47 57612762 mob: +47 97121400

 

Heimeside:
www:sunnfjord.kommune.no
Adresse: 6800 Førde

Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

 

Hafstadkleiva in Forde - Hiking in Førde, Sunnfjord - Sunnfjord

 

Del stillingen

Follow by Email
Facebook
Twitter
LinkedIn

Selskap

Sunnfjord kommune

Kontaktinfo

  • Bengt Johan Bengtsson
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 57612762 mob: +47 97121400

Lokasjon

  • Førde

Søknadsfrist

August 7, 2020