Konsulent Tekniske tenester

 

Er du samfunnsinteressert og vil være med på laget med å utvikle Ørsta framover?

Det er ledig 100 % fast stilling som konsulent ved seksjon Tekniske tenester i Ørsta kommune. Stillinga er tillagt digitale/ merkantile tverrfaglege oppgåver og vil ha ei sentral rolle i Tekniske tenester si utvikling.

Ørsta kommune skal vere med å utvikle samfunnet, og Tekniske tenester er ein viktig leverandør av tenestene til næringsliv og innbyggjarane i kommunen. Tekniske tenester leverer oppgåver innan byggjesak og oppmåling, plan og samfunnsutvikling, Brann og beredskap, e- skatt, og prosjektutvikling. I tida framover skal vi satse på digitalisering av oppgåver og forenkling av tilbodet til publikum.

Arbeidsoppgåver

Yte kundeservice til innbyggjarane innanfor Tekniske tenester sitt merkantile område
Fakturering for ulike fagområde
Bidra tverrfagleg for å styrke seksjonen i det digitale arbeidet
Bidra mot seksjonsleiar med administrative oppgåver
Andre oppgåver kan også vert aktuelle.

Til stillinga vil kommunalteknikk vere sentralt, saman med kartforretning

Opplæring vert gitt, men det er og forventa at ein kan tileigne seg kunnskap på eiga hand.

Kvalifikasjonar

Stillingar med krav om min. 3 årig høgskuleutdanning, gjerne innanfor digitalisering/administrasjon
Svært gode digitale ferdigheiter
Relevant erfaring er ynskjeleg, men vi oppmodar nyutdanna til å søkje på stillinga

Personlege eigenskapar

Fleksibel og open for endringar
Serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner
Kan arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig
Like varierte utfordringar
Evne til å utvikle seg fagleg
Initiativrik
Evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk som målform
Personlege eigenskapar vert vektlagde og referansar nytta. Aktuelle søkjarar kan verte innkalla til intervju.

Vi tilbyr

Eit spennande og tverfagleg arbeidsområde under utvikling
Godt og variert arbeidsmiljø
Moglegheit for personleg utvikling
Stillinga er plassert i HTA kap. 4GR2 – stillingar med krav om høgskuleutdanning
Stillingskode: 6559 Konsulent

Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar for tilsette i KLP

Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk

 

Søknadsfrist: 16.08.2020

 

Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Stad: Ørsta
Stillingstittel: Konsulent Tekniske tenester
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4258844016
Stillingar: 1
Arbeidsstad Dalevegen 6, 6150 Ørsta

 

Kontaktinformasjon

Ivar-Otto Kristiansen, Seksjonsleiar tekninske tenester
481 91 348
ivar.otto.kristiansen@orsta.kommune.no

 

Ørsta kommune er med om lag 10 900 innbyggjarar den 4. største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv med mange kompetansearbeidsplassar. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Frå flyplassen har vi fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit – gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi – gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje – gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

Utvikling – gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

 

 

Del stillingen

Follow by Email
Facebook
Twitter
LinkedIn

Selskap

Ørsta kommune

Kontaktinfo

  • Ivar-Otto Kristiansen
  • Tittel: Seksjonsleiar tekninske tenester
  • E-Post: ivar.otto.kristiansen@orsta.kommune.no
  • Mobil/Tlf: 481 91 348 ivar.otto.kristiansen@orsta.kommune.no

Lokasjon

  • Ørsta

Søknadsfrist

August 16, 2020