Kommunepsykolog

 

Helse- og omsorgsetaten

Ulstein kommune har to stillingar for kommunepsykolog. Stillingane er knytt til interkommunalt samarbeid mellom kommunane Sande, Vanylven og Ulstein.

Vi søker etter ein kommunepsykolog som er tydeleg, engasjert og har lyst til å arbeide i tverrfaglege team. I denne stillinga vil du få arbeide med interessante og viktige oppgåver i ein utviklingsorientert organisasjon.

Søknadsfrist: 22.01.2023
Arbeidsgivar: Helse- og omsorgsetaten
Stad: ULSTEINVIK
Stillingstittel: Kommunepsykolog
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100

Arbeidsoppgåver

  • Styrke psykologkompetansen i samarbeidskommunane si helse- og omsorgsteneste
  • Delta i kommunane si psykisk helse og rusfeltet
  • Styrke det kommunale arbeidet på psykisk helse- og rusfeltet
  • Kurativt lågterskel til barn, unge og vaksne
  • Styrke det helsefremmande og forebyggande arbeidet i kommunane
  • Tverrfagleg samarbeid både internt og med andre tenester
  • Rettleiing og rådgjevande oppgåver for andre kommunale tenester

Kvalifikasjonar

  • Godkjenning som psykolog
  • Erfaring med arbeid med barn og familier, rus og psykisk helse
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og målretta
  • Gode IKT- kunnskapar
  • Tilfredstillande politiattest
  • Førarkort for personbil og kunne disponere bil

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Stor arbeidskapasitet

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå på tenestene våre, og eit kreativt og utviklande arbeidsmiljø
  • Samlokalisering med Psykologsenteret i Ulsteinvik
  • Rettleiing frå psykologspesialist etter avtale

 

Søk på stillingen her.

 

Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter, 6065 ULSTEINVIK, Norge

Kontaktinformasjon

Marit Botnen
Kommunalsjef helse og omsorg
90841932

 

Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.

Del stillingen

Selskap

Ulstein kommune

Kontaktinfo

  • Marit Botnen
  • Tittel: Kommunalsjef helse og omsorg
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 908 41 932

Lokasjon

  • Ulsteinvik

Søknadsfrist

Januar 22, 2023