Einininga Fysio-/ergoterapi har ledig vikariat som

Fysioterapeut

 

Sunnfjord kommune har ca 22 000 innbyggarar. Eininga fysio-/ergoterapi i Sunnfjord kommune har 21 tilsette, fordelt mellom arbeidsstadene Førde, Naustdal, Sande og Skei. Tenesta består av fysioterapeutar, ergoterapeutar og serviceteknikarar med ansvar for hjelpemiddel. Eininga har eit godt fagmiljø, med mange dyktige og engasjerte medarbeidarar.

Fagre Skei er vegknutepunkt mellom Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. Avstand til Førde er 43 km og avstand til Sogndal er 60 km. Det er flyplassar både i Sogndal og Førde og begge stader har eit etablert studentmiljø ved Høgskulen Vestland. Regionen har rikt med naturopplevingar med fjord og fjell, og i nærområdet kring Skei er det mange moglegheiter for fine toppturar, både til fots og på ski, inkludert fleire skianlegg.

Vi har ledig:

100 % vikariat som fysioterapeut.
Vikariatet er ledig frå snarast og ut året.

Denne stillinga er i hovudsak knytt til arbeid med vaksne og eldre, og er ein av tre fysioterapistillingar med primær arbeidsstad Skei. Det må påreknast at det også kan vere aktuelt med arbeidsoppgåver tilknytt andre arbeidsstader i eininga i Sunnfjord kommune.

Tenesta har eit nært samarbeid med dei andre kommunale fagområda som rettar seg mot vaksne og eldre, og vi legg vekt på heilskapleg og tverrfagleg samhandling med dei andre tenestene .

Som fysioterapeut vil arbeidsoppgåvene dine vere:

  • behandling og kurativ oppfølging av vaksne og eldre
  • oppfølging av pasientar som er på kommunal rehabiliteringsplass
  • rettleiing og tverrfagleg samarbeid med andre faggrupper
  • hjelpemiddelarbeid
  • instruktør i treningsgrupper

Krav til søkar:

  • autorisasjon som fysioterapeut
  • førarkort klasse B
  • gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Vi søker deg som:

  • har god arbeidskapasitet, og har evne til å handtere ein hektisk kvardag med mange varierte arbeidsoppgåver
  • er strukturert, og god til å planlegge eigen arbeidskvardag
  • har god kjennskap til bruk av IT-verktøy; i Sunnfjord kommune nyttar vi journalprogramma CosDoc og PatientSky
  • er fagleg trygg, og er flink både til å samarbeide med andre og til å arbeide sjølvstendig
  • Erfaring frå kommunehelsetenesta er ein fordel, men ikkje eit absolutt krav

Oppgje referansar i søknaden.

Politiattest må leverast før oppstart i stillinga.

 

Velkommen som søkar til flotte Sunnfjord!

 

Søk på stillingen her.

 

Fylke: Vestland

Jobbtype: Vikariat

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist:16.01.2023

 

Tiltreding: 30.01.2023

Arbeidsstad: Skei

 

Kontaktpersonar:

Marita Brandsøy Lystad

tlf: +47 57 02 12 77

mob: +47 952 23 424

 

Heimeside:
www.sunnfjord.kommune.no

Sunnfjord kommune Fysio- og ergoterapitenesta

Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.

 

Del stillingen

Selskap

Sunnfjord kommune

Kontaktinfo

  • Marita Brandsøy Lystad
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 57 02 12 77 mob: +47 952 23 424

Lokasjon

  • Førde

Søknadsfrist

Januar 16, 2023