Nytt kommunenummer frå 2020 - TOKKE KOMMUNE

 

Kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett

 

Kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett har gått over til stillinga som kommunedirektør og ein søkjer hans etterfølgjar.

Kommunalsjefen er direkte underlagt kommunedirektøren, og er ein av seks i hans leiargruppe.   

Ansvarleg for følgjande tenesteområde:

Barnehage, skule, SFO, kulturskule, bibliotek, kultur og idrett.

Utdanning:

Relevant høgskule- eller universitetsutdanning/skulefagleg og god pedagogisk kompetanse.

Arbeidserfaring:

  • Leiarerfaring
  • Leiarutdanning
  • Erfaring frå oppvekstsektoren
  • Erfaring med økonomistyring
  • God kjennskap til relevant lovverk og sakshandsaming

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å tenke strategisk
  • Vere premissleverandør for skuleeigarrolla/nivå på tenestane
  • Tydeleg, engasjert og visjonær leiar
  • Løysingsorientert
  • Evne til å styrke mellomleiarnivået – fagleg og leiingsutvikling
  • Systematisk og målorientert

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Den som vert tilsett må leggje fram politiattest før ein kan ta til i jobben. 

Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med kommunedirektør, Finn Arne Askje på mob.: 95076637 eller e-post: finn.arne.askje@tokke.kommune.no

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

 

Søknadsfrist: 14 juni 2021

 

Søknad skal sendast på elektronisk skjema som du finn her

Velkomen som søkjar!       

 

Tokke kommune ligg i Vest-Telemark, midt mellom aust- og vestlandet. Kommunen har 2160 innbyggjarar og eit areal på 980 km2. Det er om lag 3,5 timar køyring til Oslo og 2 timar til fylkeshovudstaden Skien. Kommunehuset er lokalisert på Dalen, i nærleiken av det historiske Dalen Hotel og Telemarkskanalen.

Me er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har eitt av sine to regionkontor i kommunen. I Tokke ligg òg Vest-Telemark vidaregåande skule.

Tokke har eit aktivt kulturliv med mange frivillige lag som nyttar kulturhus, grendehus og idrettsanlegg. Den siste flotte innsats som vi har i Tokke er eit kunstverk av ei badstoga, Soria Moria, blinkande som eit smykke i Bandak. 

Del stillingen

Selskap

Tokke kommune

Kontaktinfo

  • Finn Arne Askje
  • Tittel: Kommunedirektør
  • E-Post: finn.arne.askje@tokke.kommune.no
  • Mobil/Tlf: på mob.: 950 76 637

Lokasjon

  • Dalen

Søknadsfrist

Juni 14, 2021