Kantor / Organist (søknadsfrist 03.12)

Vestre Slidre Kyrkjeleg Fellesråd, Vestre Slidre

Kantor/Organist 60% stilling

 

Vestre Slidre kyrkjelege fellesråd søkjer kantor/organist i 60%stilling Vikariat med god moglegheit for fast stilling. 2.gongs utlysing.

Arbeidsoppgåver:

Delta i planlegging og gjennomføring av gudstenester, kyrkjelege handlinger og andre arrangement saman med presten, øvrige tilsette og frivillige
Bidra inn i menighetens trusopplæring og skule/kyrkje-samarbeid
Ansvarleg for menighetens musikalske liv i samsvar med kyrkjemusikalsk plan
Samarbeide med lokalt musikkliv
Delta i stabsmøter og vere ein del av teamarbeidet i staben
Ettersyn og vedlikehald av menighetens instrument

Personlege eigenskapar:

Gode samarbeids-, planleggings- og gjennomføringsevner
Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Kvalifikasjonar:

Utdanning ihht kvalifikasjonskrav for kantor/organist
Beherske allsidig spel på orgel og piano både solo og i samspel med andre
Kunne arbeide både sjølvstendig og i team
Kommunisere og samarbeide godt med barn, unge og frivillige medarbeidare
Beherske norsk bra både munnleg og skriftleg
Den som tilsetjast må vere medlem i Den norske kyrkje
Disponere bil
Politiattest må fremleggast ved tilsettig

Vi tilbyr:

60% vikariat med *god moglegheit for fast stilling.*Ved evnt fast stilling vil det kunne bli tilbod om etterutdanning.
Ein hyggeleg arbeidsfellesskap
Løn og arbeidsvilkår ihht gjeldande tariff og pensjonsordning i KLP
Deler av arbeidstida er lagt til kveld, helg og høgtid
Det blir lagt opp til prøvespeling i samband med intervju. Stillinga er ledig frå 1.januar 2022 eller etter avtale. For meir informasjon: Kontakt kyrkjeverje Veslemøy Kvamme, tlf. 613450 95 /958 68 588, e-post: vk766@kyrkja.no. I tillegg til heimesida vår, sjå også vår facebookside: kyrkja i Vestre Slidre.
Søknad og CV med kopiar av attestar/vitnemål sendast: Vestre Slidre kyrkjeleg fellesråd, Slidrevegen 20, 2966 Slidre, eller på e-post innan 03. desember 2021.

 

Søknadsfrist: 03.12.2021

 

Send søknad til:
vk766@kyrkja.no

Om stillingen

Stillingstittel: Kantor/Organist

Sted: Slidrevegen 20, 2966 Slidre

Ansettelsesform: Vikariat

Prosent: 60 %

Heltid/deltid: Deltid

Antall stillinger: 1

Arbeidsdager: Ukedager Lørdag Søndag

Arbeidstid: Dagtid Kveld

Oppstart: 01.01.2022

 

Kontaktperson for stillingen’

Veslemøy Kvamme, Kyrkjeverje

Telefon: 958 68 588 Epost: vk766@kyrkja.no

 

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver: Vestre Slidre Kyrkjeleg Fellesråd

Adresse:Slidrevegen 20, 2966 Slidre

Hjemmeside:
https://kirken.no/vestre-slidre
Facebook:
https://www.facebook.com/Kyrkja-i-Vestre-Slidre-842335192540706

 

Vestre-Slidre kyrkjeleg fellesråd har ansvarsområde i Vestre Slidre kommune i Valdres Prosti. Kommunen har ca 2.200 innbyggjarar fordelt på 464km2 med variert natur. Landruk og turisme er dei viktigaste næringsvegane. Det er gode moglegheiter for friluftsliv som fisking og fotturar. I fjellet er det godt tilrettelagt for sykling. Kommunen har eit godt skule- og barnehagetilbod, og ein kulturskule med godt og variert tilbod. Vestre Slidre har 3 sokn og 4 kyrkjer og 1 kapell. Av kyrkjene er det 1 stavkyrkje, Lomen, og 1 mellomalderkyrkje, Slidredomen. I tillegg er det ein kyrkje-ruin. I tilknyting til kyrkjene er det 4 kyrkjegardar. Fellesrådet har ein stillingsressurs på ca 3 årsverk fordelt på 9 tilsette.

Kyrkja har gode kontor på Slidretun og bruker nynorsk som administrasjonsspråk.

 

 

Del stillingen

Selskap

Vestre Slidre kyrkjelege fellesråd

Kontaktinfo

  • Veslemøy Kvamme
  • Tittel: Kyrkjeverje
  • E-Post: vk766@kyrkja.no
  • Mobil/Tlf: tlf. 613450 95 /958 68 588

Lokasjon

  • Slidre

Søknadsfrist

Desember 3, 2021