Bli med og sikre morgondagens løysingar for Høyanger kommune! 

IKT-konsulent

 

Vi har ledig 100% fast stilling.

Høyanger kommune har som mål å jobbe smartare og utnytte alle IKT-verktøy optimalt. Vi skal ha fokus på gevinstrealisering og kva endringsprosessar som er naudsynt for ei meir effektiv, digital kvardag. Vedkommande som får stillinga må være tydelig på strategiske prioriteringar og oppfølging av utviklingsprosjekt. Vi skal ha digitale tenestar som er enkle å bruke, effektive og pålitelige for både tilsette og innbyggarar.

Den som vert tilsett skal legge til rette for god service og brukarstøtte til alle tilsette og innbyggarar i kommunen.

Arbeidsoppgåver

  • Løyse lokal brukarstøtte
  • Bidra i arbeidet med feilretting, vidareutvikling og test av tenester
  • Pådrivar til digitaliseringsprosjekt i heile kommunen
  • Undervising og opplæring av sluttbrukarane
  • Samarbeid med SYSIKT
  • Kvalitetssikring av at løysingar dekker kommunen sine behov/krav
  • Dokumentasjon
  • Arbeid med publiseringsløysingar

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning på minimum bachelor-nivå, fortrinnsvis innan IKT.
  • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Du er løysningsorientert og pro aktiv.
  • God skriftlig og munnleg framstillingsevne både på norsk og engelsk
  • Relevant erfaring og personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr:

  • Utfordrande og interessante arbeidsoppgåver
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsavtaler

Referansenr:
20/538

Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 16.08.2020

 

Kontaktpersonar:

Arnvid Hovland
mob: +47 99206457

 

Heimeside:
http://www.hoyanger.kommune.no

Høyanger kommune
Høyanger kommune ligg ved Sognefjorden i Sogn og Fjordane fylke. Kommunen er ein kraft- industri og jordbrukskommune i storslagen natur: Fjell, fjord, vatn, elvar og skog. Kommunen har ca 4300 innbyggjarar der ca 2300 bur i tettstaden Høyanger. Det er gode skule- og barnehagetilbod, og gode anlegg for innandørs-, sommar- og vinteridrett. For meir informasjon sjå www.hoyanger.kommune.no

 

Del stillingen

Follow by Email
Facebook
Twitter
LinkedIn

Selskap

Høyanger kommune

Kategorier

IKTIKT-konsulent

Kontaktinfo

  • Arnvid Hovland
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 992 06 457

Lokasjon

  • Høyanger

Søknadsfrist

August 16, 2020