Kyrkjelydspedagog Høyanger – 2. gangs utlysing

 

Høyanger Kyrkjelege fellesråd

I Høyanger kommune med ca. 4 000 innbyggjarar er det ledig ei 100% fast stilling som kyrkjelyds-pedagog for snarleg tilsetjing. Stillinga er oppretta for å drive med kyrkjeleg undervisning for barn, unge og vaksne, og er Den norske kyrkja sitt tilbod om undervisning for døypte og interesserte i kyrkjelydane. Stillinga er delt mellom Høyanger (75% ) og Gaular (25%).

Høyanger kommune har eit variert næringsliv med kraftproduksjon, aluminiumsindustri, oppdrett, handel og service, entreprenørskap og jordbruk som dei viktigaste næringane. Kommunen ligg i Vestland fylke nord for Bergen, på begge sider av Sognefjorden. Reisetida frå Bergen er ca. 3 timar med bil eller båt. Næraste flyplass er Førde lufthavn, ca. 45 minutt med bil frå Høyanger.

Kommunesenteret Høyanger har i underkant av 2 000 innbyggjarar. Her er barne- ungdoms- og vidaregåande skule, og det er god barnehagedekning. Her er også kyrkjekontoret med prest (100%), kantor (100%), sekretær (80%), kyrkjelydspedagog og kyrkjeverje (100%). Kommunen har 4 sokn, 5 kyrkjer og 1 bedehus der kyrkjelydane samlast. Mesteparten av kyrkjelydspedagogen sitt arbeid vil foregå i sokna Høyanger, Kyrkjebø, Lavik og Bjordal/Ortnevik (75%), samt i Gaular sokn, Sunnfjord kommune (25%).

Gaular sokn har tre kyrkjestader, Bygstad, Sande og Viksdalen som alle ligg langs Gaularvass-draget (lakseelv) som strekkjer seg frå Dalsfjorden og opp til Gaularfjellet i aust. Det bur i overkant av 3 000 menneske i soknet. Mange pendlar til tettstaden Førde og har sin arbeidsstad der. Det lokale kyrkjekontoret ligg i Sande, som tidlegare var kommunesenter før kommunen vart del av Sunnfjord kommune. Kyrkjekontoret husar forutan kontor for trusopplærar, kontor for sokneprest (100%), diakon (100%), kantor (50%), kyrkjelydssekretær (40%), og seniorkonsulent fellesrådet (100%).

Det er barnehagar og barneskule i alle kyrkjekrinsane og ungdomsskule på Sande og i Viksdalen. Sande har i dei seinare åra hatt markant auke i folketal og barnetal. Sande ligg ved E39 mellom Vadheim og Førde (25km), ca. 40 km. frå Høyanger. Alle gjennomgåande rutebussar til/frå Bergen har stopp i Sande og det er 10 minutt køyring til Førde lufthavn.

Søknadsfrist: 12.08.2022
Arbeidsgivar: Høyanger Kyrkjelege fellesråd
Stad: Høyanger
Stillingstittel: Kyrkjelydspedagog Høyanger – 2. gangs utlysing
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4527287746

Arbeidsoppgåver for kyrkjelydspedagogen

Planlegge, styre og gjennomføre trusopplæringstiltak for barn og unge, som td. småbarnstreff, minikonfirmantsamlingar mm. i samarbeid med friviljuge og tilsette.
Kreativ og pedagogisk trusformidling overfor barn, unge og vaksne.
Utvikle nye prosjekt innafor trusopplæringa, og vere med å rekruttere til desse.
Ta del i konfirmantarbeidet saman med sokneprest, kantor og friviljuge medarbeidarar. Helge- og kveldsarbeid må påreknast.

Kvalifikasjonar

3-årig universitet- eller høgskuleutdanning, Bachelor eller tilsvarande, med minimum 30 studie-poeng pedagogikk og 30 studiepoeng kristendom/teologi. Søkjarar med anna utdanning innan kristendom, teologi, pedagogikk og/eller med relevant praksis vil også bli vurderte.
Du må ha gode formidlings- og samarbeidsevner, og trivast med å arbeide med barn og unge. Du er strukturert, har gode pedagogiske og administrative evner, og må kunne jobbe både sjølvstendig og i team. Evne til tverrfagleg samarbeid er viktig.
I tillegg til utdanning, vil relevant erfaring og personlege eigenskapar bli vektlagt:
At du har erfaring og engasjement for arbeid med trusformidling til barn og unge.
At du er omgjengeleg og kontaktskapande, og flink til å byggje gode relasjonar.

Vi kan tilby

Tverrfagleg og godt arbeidsmiljø
Gode kontortilhøve
Løn i samsvar med KA sin Hovedtariffavtale
Medlemskap i KLP
Hjelp til å skaffe bustad

Særskilde krav

Den som vert tilsett må legge fram tilfredstillande Politiattest.
Referansar må oppgjevast
Det er krav om medlemskap i Den norske kyrkja.
Du må ha sertifikat, og disponere eigen bil.

 

Høyanger kyrkje, 6993 Høyanger, Norge

 

Søk på stillingen her.

 

Kontaktinformasjon

Bjørnar Otterstein
Kyrkjeverje
917 63 803

Andreas Ester
Sokneprest Høyanger
452 21 737

Frode Skeide
sokneprest Gaular
951 00 916

 

Del stillingen

Selskap

Høyanger kyrkjelege fellesråd

Kontaktinfo

  • Bjørnar Otterstein
  • Tittel: Kyrkjeverje
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 917 63 803
  • Andreas Ester
  • Tittel: Sokneprest
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 452 21 737
  • Frode Skeide
  • Tittel: Sokneprest Gaular
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 951 00 916

Lokasjon

  • Høyanger

Søknadsfrist

August 12, 2022