10648976_385825608242557_6701348902785636375_o

 

Undervisingsstilling i matematikk /realfag

 

FUS – Avd. Fellesfag, Vestland fylkeskommune

Om stillinga

Fusa Vidaregåande skule tilbyr: Studiespesialisering kunst, design og arkitektur og 4 yrkesfaglege utdanningsprogram; helse- og oppvekstfag, teknikk og industriell produksjon, naturbruk og restaurant- og matfag. I tillegg har vi tilbod innan YSK og HTH/HTA. Skulen har om lag 300 elevar og 50 tilsette som kvar dag arbeider mot visjonen om å vere modige- opne og kompetente. Tett samarbeid med næringslivet er ein sentral del av skulen sitt arbeid for ei relevant opplæring. Sjå skulen si heimeside https://www.fusa.vgs.no og skulen sin film:

Skulens elevsyn: Fusa vidaregåande skule legg stor vekt på trivsel og eit godt læringsmiljø. Skulen vil møta eleven med respekt, fleksibilitet og ei positiv innstilling. Ut i frå ulike føresetnader vil vi bidra til at kvar elev vert ein god medborgar, og får tileigna seg relevant fagkunnskap.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 30.10.2023
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Eikelandsosen,
Stillingstittel: Undervisingsstilling i matematikk / realfag
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4717479586

Arbeidsoppgåver

Me har ein fast 100% stilling som lærar ledig frå 1. januar 2024. I inneverande skuleår treng me nokon som kan overta undervisinga i fleire av matematikk-faga som vert undervist innan studieførebuande og yrkesfaglege programområde. Innan studieførebuande har skulen klassar i TAF/YSK og KDA. Det ynskjeleg at den som vert tilsett i tillegg til å kunna undervisa i matematikk på alle nivå, også har undervisingskompetanse i eit anna realfag.

Me forventar vidare at den som vert tilsett:

  • Deltek i utviklingsarbeid i faggruppa
  • Deltek i arbeidet for heilskapen på skulen

Kvalifikasjonar

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk.
  • God digital kompetanse
  • Til alle undervisningsstillingar er det krav om undervisningskompetanse, minst 240 studiepoeng, inkludert relevant fagleg (i denne stillinga: 60 studiepoeng i matematikk og helst også 60 studiepoeng innan eit anna realfag) og pedagogisk kompetanse (PPU), jmfr Opplæringslova.
  • I tillegg til relevant fagleg og pedagogisk kompetanse ynskjer me tilsette med god fagdidaktisk kompetanse.

Personlege eigenskapar

  • Du er ein trygg og tydeleg klasseleiar med evne til å skapa gode relasjonar til elevane
  • Du arbeider sjølvstendig og nøyaktig, men deltek aktivt i eit profesjonsfellesskap
  • Du har gode evner til samarbeid, og kommuniserer godt både med elevar, tilsette og føresette
  • Du samarbeider godt med eksterne fagmiljø for å utvikla gode undervisingstilbod og synleggjera skulen
  • Du er løysingsorientert og har evne til omstilling
  • Du er utviklingsorientert og tek medansvar for å utvikla faggruppa
  • Du har ei pedagogisk forståing i tråd med skulen sitt elevsyn

Vi tilbyr

  • Eit aktivt og stimulerande profesjonsfellesskap
  • Nært samarbeid med kollegaer
  • God delingskultur og positiv innstilling
  • Ein arbeidsplass som ligg i rolege og fine omgjevnader
  • Løn og løsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Andre opplysingar

  • Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25.2.ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste.
  • Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort
  • Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
  • Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar
  • Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest

 

Søk på stillinga her.

 

Adresse:Leiro 43, 5640 Eikelandsosen, Norge

Kontaktinformasjon

Gunnar Ljones Dolve, avdelingsleiar
Telefon:  916 15 814

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Gunnar Ljones Dolve
  • Tittel: Avdelingsleiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon: 916 15 814

Lokasjon

  • Eikelandsosen

Søknadsfrist

Oktober 30, 2023