Vil du vera med å utvikla og digitalisera staten?

Fullstack webutviklar

 

Vi søkjer fullstack webutviklar
Statsforvaltarens fellestenester (STAF) leverer digitale og administrative tenester til alle statsforvaltarane. I samarbeid med statsforvaltaraneutviklar og driftar vi også digitale tenester til innbyggjarane. Digitalisering er eit satsingsområde, og vi ser etter ein utviklar.

Som webutviklar hjå oss deltek du i pågåande og nye digitaliseringsprosjekt. Du vil få spanande faglege utfordringar og moglegheit til å setja ditt preg på utviklinga av sentrale tenester, som blir nytta av store delar av innbyggjarane i Noreg.

Vi er på jakt etter deg som er kreativ, arbeidssam og har lidenskap for utvikling. Hjå oss får du ta del i alle fasar i utviklingsløpet – frå idèen oppstår (kanskje er det til og med du som har idéen), til produktet blir lansert.

Du har gjerne relevant arbeidserfaring, men nyutdanna kandidatar oppfordrast også til å søkja. Stillinga er 100 prosent, fast og arbeidstad er Bergen, Trondheim eller Leikanger (Sogndal).

Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til enno betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Vi meiner at inkludering og mangfold er ein styrke, og oppfordrar difor søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom de har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling

Kvalifikasjonskrav

Som rådgjevar har du relevant høgare utdanning frå høgskule/universitet minimum 3 år, men relevant og dokumentert realkompetanse (minimum 5 år) kan kompensere for høgare utdanning. For å bli vurdert som seniorrådgjevar er kravet relevant høgare utdanning frå høgskule/universitet minimum tre år med relevant etterutdanning/fagleg oppdatering. For seniorrådgjevarar stiller vi også krav til at du er initiativrik, er ekstra framoverlent og er oppteken av å kvalitetssikre og å dele din kunnskap med andre.
Erfaring innan ASP.Net (Core), modellering, REST-Api og JavaScript rammeverk
Erfaring frå IKT- prosjekt basert på smidige metodar

Arbeidsoppgåver

Utvikla spanande løysingar for offentlig forvaltning
Utvikla frittståande løysingar basert på moderne webstandardar
Systemutvikling i smidige utviklingsteam
Systemintegrasjon

Ønskte kvalifikasjonar

Erfaring med systemarkitektur, teknologi og tryggleik
God kjennskap til system / applikasjonsarkitektur
Kompetanse på databaseteknologi
Erfaring med responsivt design og universell utforming
Erfaring med smidige metodar og devops

Personlege eigenskapar som vert vektlagt

Gode samarbeidsevner og medverkar til å nå felles mål
Nysgjerrigheit og iver rundt ny teknologi og metodikk
Evne til å setja deg inn i komplekse behov og system
Du er motivert av å jobbe med stadig endring og utvikling
Du er strukturert og har god arbeidskapasitet

Vi tilbyr

fagleg og personleg utvikling
godt arbeidsmiljø
fleksibel arbeidstid og sommartid
gode pensjons- og boliglånsordningar
trening i arbeidstida

Fast stilling som 1434 rådgjevar eller 1364 seniorrådgjevar. Stillinga er normalt løna mellom 553 500 (ltr. 61) og 702 100 kroner (ltr. 74), avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Frå løna vert det trekt 2 prosent innskot til Statens pensjonskasse. Det er 6 månaders prøvetid.

Generelle opplysningar

Namn på søkjarane blir offentleggjort i ei offentleg søkjarliste. Fram til søknadsfristen kan du ta kontakt med oss utan at namnet ditt blir registrert. Søkjaren vert varsla dersom reservasjonen ikkje vert imøtekomen, jf. offentleglova § 25.

For nærmare opplysningar om stillinga, ta gjerne kontakt med seksjonssjef Bjørn Tore Årøy på tlf. 41 10 85 50.

Om oss

STAF er ei nyetablert verksemd underlagt Kommunal- og administrasjonsdepartementet. STAF leverer og utviklar administrative tenester til alle statsforvaltarane innanfor IKT, dokumentforvalting, innkjøp og informasjonstryggleik.

Hovudkontoret vårt ligg i Arendal, medan medarbeidarane våre elles har kontor saman med statsforvaltarane, som til saman har 17 kontorstader. STAF har om lag 220 årsverk.

 

Søknadsfrist 31. januar 2022

 

Arbeidsgiver Statsforvalterens fellestjenester
Kommune Bergen Trondheim
Omfang Heltid
Varighet Fast

Arbeidssted Statens hus, Kaigaten 9, 5015 Bergen

 

Del stillingen

Selskap

Statsforvalterens fellestjenester

Kontaktinfo

  • Bjørn Tore Årøy
  • Tittel: Seksjonssjef
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf. 41 10 85 50

Lokasjon

  • Bergen
  • Trondheim

Søknadsfrist

Januar 31, 2022