Ingeniør bygg og anlegg Undervisningsstilling bygg og anlegg – FAS – Avd. Førde (Søknadsfrist: 08.12)

 

Ingeniør bygg og anlegg

 

FAS – Avd. Førde, Vestland fylkeskommune

Vil du bli vår nye kollega?

Fagskulen er i vekst. Vi har hatt stor auke i tal studentar, vi har utvikla nye linjer og vi har etablert Campus Verftet, som framleis er under utvikling. Våren 2022 skal vi flytte inn i eit heilt nytt bygg ilag med Campus Verftet, og får då undervisningslokala, lab’ane og kurssenteret inn under same tak.

Søknadsfrist: 08.12.2021
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Førde
Stillingstittel: Undervisningsstilling bygg og anlegg
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent:100
Webcruiter-ID: 4451668034

Arbeidsoppgåver

HJELP, studentar treng lærar!
Vi treng ingeniørar som kan undervise, og være læringsleiar, for våre lærevillige studentar. Vi har i tillegg spanande arbeidsoppgåver i den vidare utviklinga av Campus Verftet. Det som er i planleggingsfasen akkurat no er mellom anna KEM-lab og betonglab. No har du sjansen til å være med å påverke!

Kvalifikasjonar

Er du ingeniør / sivilingeniør, eller fagskuleingeniør med brei fagkompetanse innan bygg og/eller anlegg? Har du gode IT-kunnskapar?
Då er du den rette for oss!
Dersom du har pedagogisk utdanning er det fint. Dersom du ikkje har det, så legg vi til rette for at du kan ta det samtidig med jobben her.

Personlege eigenskapar

Du likar tanken på å være lærar på fagskulen for ein gjeng vaksne studentar med fagbrev og praksis.
Du har eit ønske om å formidle kunnskap, og å utvikle deg fagleg saman med dyktige kollegaer og studentar.
Du ser fordelen med prosjektbasert og studentaktiv læring.
Du er glad i faget ditt, og har evna til å engasjere deg, og samtidig engasjere andre.
Du ønsker å bidra til eit positivt arbeidsmiljø og læringsmiljø.

Vi tilbyr

Fagleg utvikling, interessante arbeidsoppgåver, lærevillige studentar, hyggelege kollegaer og muligheten til å knytte gode kontakter i det lokale næringsliv.
I tillegg får du fordelane med å være tilsett i fylkeskommunen, med avtaleverk, rammevilkår og forsikringar og gode pensjonsordningar.

Firdavegen 6, 6800 Førde, Norge

Kontaktinformasjon

Eilert Årseth, ass. rektor
470 59 233

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

 

 

 

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Eilert Årseth
  • Tittel: Ass. rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 470 59 233

Lokasjon

  • Førde

Søknadsfrist

Desember 8, 2021