Herøy kommune, Barn-familie og helse, Fosnavåg

Ledige fastlegeheimlar i Herøy kommune

 

Vi ser etter deg som vil vere vår nye kollega og fastlege ved Herøy legesenter. Herøy legesenter ligg på Eggesbønes saman med dei andre seksjonane under avdeling for barn, familie og helse. Legetenesta i Herøy har 11 fastlegeheimlar, fordelt på Myrvåg legesenter og Herøy legesenter. Herøy kommune har gode vilkår for etablering av praksis.

Ved legesenteret er det for tida ledig 3-4 fastlegeheimlar. Det kan verte aktuelt å slå saman fire heimlar til tre med utgangspunkt i talet på pasientar.

Heimel nr. 1-3 er vakante og det er for tida vikar i desse heimlane. Heimel nr. 4 blir ledig frå 1.september.

Du er velkomen til å søke på alle heimlane sjølv om du ikkje ønsker å gå inn i ein fast heimel, men kan tenke deg eit lenger vikariat.

Arbeidsoppgåver

Fastlegeoppgåver. Det er for tida ikkje knytt allmennlegeoppgåver til stillinga

Opplysningar om heimlane:

  • Følgjande gjeld for heimlane (listepasientar pr. mai 2020/listetak)
  • Fastlegeheimel nr 1: 454/625
  • Fastlegeheimel nr. 2: 588/750
  • Fastlegeheimel nr. 3: 791/850
  • Fastlegeheimel nr. 4: 749/750

Vilkår ved overtaking av praksis:

  • Fastlegeheimel 1-3 blir overdrege kostnadsfritt frå kommunen til ny fastlege
  • Fastlegeheimel nr. 4: Overtaking avtalast mellom den som sluttar og den nye som tek over heimelen. Jf. ASA 4310 pkt. 5.6

Vi vil kunne slå saman desse fire listene til tre lister, avhengig av kva listestorleik søkjarane ønskjer. Ingen av desse heimlane har per i dag allemennlegeoppgåver, jf. fastlegeforskrifta §12.

Vikariat: Ein heimel er ledig frå 25.juni og i eit år (svangerskapspermisjon). Det er for tida 791 pasientar på lista, og listetaket er 800.

Kvalifikasjonar

  • Du må ha norsk autorisasjon og helst vere spesialist i almennmedisin. Vi vil legge til rette for at du kan fullføre spesialistutdanning
  • Du må oppfylle vilkåra i kompetansekravforskrifta og vilkår for refusjon frå Helfo
  • Du må kunne skrive godt norsk og god munnleg framstilling på norsk, svensk eller dansk
  • Godkjend politiattest må leggast fram før tilsetjing

Personlege eigenskapar

  • likar å jobbe i kollegialt fellesskap
  • ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • er opptatt av fagleg utvikling
  • er fleksibel

Vi tilbyr

  • Godt kollegialt fellesskap men engasjerte faslegar
  • Gode og funksjonelle lokalar
  • Nærleik til andre helse- og omsorgstenester
  • Stabilt hjelpepersonell med lang erfaring
  • Det blir lagt til rette for fagleg utvikling

Gunstige fastlegeavtalar der kommunen driftar legesenteret og leiger det ut til legane. For dette betaler legane basistilskot + kr. 3000 i leige

Lave etableringskostnader.

Kontaktinformasjon

Runa Bakke, Avdelingsleiar, 91621147

Arbeidsstad

Eggesbøvegen 11
6092 Fosnavåg

Søk på stillinga:Klikk her

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar:Herøy kommune

Referansenr.:4237498249
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 19.07.2020

Del stillingen

Follow by Email
Facebook
Twitter
LinkedIn

Selskap

Herøy kommune (Møre og Romsdal)

Kontaktinfo

Ingen kontakt lagt til

Lokasjon

  • Fosnavåg

Søknadsfrist

Juli 19, 2020