Fastlege – Husnes Helsesenter (søknadsfrist 14.01.2022)

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar. Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året. Kvinnherad kultuskule vart i 2015 kåra til årets kulturskulekommune.

 

Fastlegeheimel ved Husnes helsesenter ledig frå 01.05.2022

 

Kommunen har i mange år hatt ei god og stabil legedekning.
For tida har vi 17 fastlegar i kurativ teneste, både med private avtaleheimlar og tilsett i kommunen med fastløn og % andel av pasientinntekter.
I tillegg har kommunen ein stilling for LIS1, 3 sjukeheimslegar i totalt 210% stilling og kommuneoverlege i 100 % stilling. Offentlege oppgåver ved helsestasjonar og i eldreomsorga ellers er fordelt slik at 6 av legane har 8 – 20 % stilling til offentleg allmennlegeteneste.
Fastlegar i Kvinnherad nyttar Infodoc Plenario i SKY journalsystem, er knytt til Norsk Helsenett og har elektronisk meldingsutveksling med pleie- og omsorgstenesta.

Kvinnherad er ein vidstrakt kommune. Legane er fordelt på fire legekontor. Det er eit godt fagleg og kollegialt fellesskap i legegruppa, god vegleiing og bakvaktordning i forhold til legevakt, godt samarbeid og samtrening med lokal ambulanseteneste.
Kommunen har etablert ein Frisklivsentralen og har tilsett folkehelsekoordinator.

Omtale av stillinga
Ledig fastlegeheimel ved Husnes helsesenter

Ved Husnes helsesenter arbeider i dag sju fastlegar i eit kontorfellesskap med til saman eit listetak på 6400, innbyggjartal i området er om lag tilsvarande. Organiseringa er eit felles AS for drift og investering.

Vi søker etter engasjert lege til ledig heimel med listetak på 800 pasientar. Dersom du kan tenkja deg å prøva deg som fastlege i Kvinnherad, oppmodar vi deg til å søkja/ta kontakt. Det er «goodwill» knytt til heimelen. Kvinnherad kommune er opne for å vurdera den stillinga som fastlønna.
Stillinga inneber deltaking i legevaktordning. Vaktordninga er for tida 11-delt. Kvinnherad legevakt er bemanna med sjukepleiar på kveldstid og helgedagar. Kvinnherad legevakt ligg vegg i vegg med ambulansestasjonen.

Det er ikkje tilplikta offentlege oppgåver til stillinga, men det kan verta aktuelt på eit seinare tidspunkt.

Alle sjølvstendig næringsdrivande fastlegar har økonomisk samarbeid og driftsavtale med kommunen. Dette inneber m.a. at kommunen held lokale, tilset og har arbeidsgjevaransvar for hjelpepersonell i forholdstal 1 hjelpepersonell per 1200 listepasientar. Helsesenteret har eige laboratorium og bioingeniør i 90 % stilling.

Kvalifikasjonar
For stillinga søkjer vi lege som har:

· norsk autorisasjon

· fullført turnuspraksis/LiS1-praksis i allmennmedisin. Det er en fordel å være under spesialisering eller ferdig spesialist

· gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Søkjarar som beherskar nordisk språk skriftleg og munnleg kan søkje

· gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling

Personlege eigenskapar, kjennskap til norsk helsevesen og erfaring frå primærhelsetenesta i Norge vil verta vektlagt. Søkjar må ha førarkort for bil.

Vi tilbyr

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.

Kvinnherad kommune hjelper til med å skaffa bustad, og flytting vert betalt etter gjeldande reglar.

Søknad vert å senda

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

 

Søknadsfrist 14.01.22

 

Vår ref4182
Merk søknad

Fakta

Selskap Kvinnherad kommune
Stilling Lege
Stillingstype Fast dagtid
Lokasjon Helse

 

Kontakter

Irina Zimina, Einingsleiar
irina.zimina@kvinnherad.kommune.no
Mobil  488 94 055  Arbeid  488 94 055

Sindre Nymark Jensen, Fastlege
sindre.nymark.jensen@kvinnherad.kommune.no
Arbeid 53 46 16 00

Glenn A. Opland, Kommuneoverlege
glenn.opland@kvinnherad.kommune.no
Mobil  977 09 308  Arbeid  977 09 308

 

 

Del stillingen

Selskap

Kvinnherad kommune

Kontaktinfo

  • Irina Zimina
  • Tittel: Einingsleiar
  • E-Post: irina.zimina@kvinnherad.kommune.no
  • Mobil/Tlf: Mobil 488 94 055 Arbeid 488 94 055

Lokasjon

  • Rosendal

Søknadsfrist

Januar 14, 2022